tirsdag 20. november 2007

Undervisningsplanlegging


Denne måndagen var det Aashild som underviste oss. Ho snakka om kva ein lærar må tenkje igjennom når ein skal planlegge undervisning. Det er så mykje me må tenkja på synes eg. Både innhald, mål, elevforutsetningar osv. Men eg trur det vil hjelpe oss mykje i praksis, då me faktisk skal planlegge fleire undervisningsøkter sjølv.

Eg er einig med det som Aashild sa om vurdering av elevane. Det å gi dei bare negativ tilbakemelding kan øydelegge meistringsfølelse, da er det betre å la ver. Ein er nødt til å finne noko positivt, sjølv om det kan vera vanskelig. Eg har opplevd alt for mange lærarar som bare har sagt det negative og ikkje det positive. Eg trur det er viktig med ein balansegang her. Positiv respons for å kjenne meistringsfølese, og negativ respons for å ha noko å strekke seg etter.

Me fekk eit diamantskjema som eg synes var litt komplisert. Langeland sin var mykje enklare å forstå. Me fekk også jobbe litt i praksisgruppene der vi skulle skrive ned kompetansemål og læringsmål i forhold til matematikk oppgåva. Det var ikkje så lett å korte ned desse måla, og sida me ikkje viste heilt kva elevane hadde våre innom i geometri vart det ikkje noko lettare. Men me fekk hjelp av Aashild og det var god trening for oss.

Eg kjenner meg ikkje heilt trygg på dette med planlegging enda, men eg trur nok det kjem sakte men sikkert etter eg har fått prøvd litt sjølv.

lørdag 3. november 2007

Repitisjon og matematikk/pedagogikk oppgåva (29.10.07)

På mandag hadde me oppsummering om dei ulike læringsteoriane. Det var godt vi gjode det, for det var mykje eg allerede hadde gløymt. I tillegg var det ein del ting eg ikkje hadde fått med meg så det var flott å få oppsummere, då hugsar eg alt så mykje betre og!

Etterpå blei vi introduserte til matematikk-pedagogikk oppgåva. Eg blei litt forskrekka då Gry sa vi skulle skrive 10-15 effektive sider om det. Men det blir sikkert lettare når vi er ferdige med praksis, då veit eg betre ka eg skal skrive om. Det er jo ein større oppgåve dette her, så det blir nok mykje førebuing og arbeiding framover. Men er er positiv til oppgåva og trur det kan bli kjekt! Elles så gleder eg med veldig til å komme ut i praksis igen og få gjennomført oppgåva.

På slutten viste Birgit oss på data rommet korleis vi skal sette opp og skrive ei oppgåve. Det var veldig nyttig for min del. Det var mangen tips og triks eg ikkje viste frå før, og det vil nok hjelpa med mykje når eg skal skrive matematik-ped oppgåva.

søndag 28. oktober 2007

Framføring av læringsteoriane

På mandag samla me oss heile A1-kullet for å framføre oppgåva om læringsteoriar. For å roe ned nervene våre sat Birgit på rolig musikk og skrudde av lyset. Det fungerte godt!

Eg synes det var mange gode framføringar. Sjølv om nesten alle hadde power-point var det likevel variert. Nokon song, nokon viste film og nokon dramatiserte. Det var veldig kjekt å sjå kor kreative dei andre har vore, og korleis dei forskjellige gruppene tolka oppdraget. Det var også veldig lærerikt. Det var mykje som var nytt for meg og på grunn av kjekke framvisingar vart det veldig interessant.
Det var mange som valde å ha om samme teoriar så det blei ein del repetisjon, men det er jo bare bra å få repetert stoffet. Då hugsar i alle fald eg betre!

Eg synes det har vore ei kjekk og lærerik oppdrag. Eg må innrømme at eg var litt oppgitt i begynnelsen men etter kvart som eg satte med inn i stoffet vart det kjekkare. Neste mandag er det to grupper igjen som skal framføre, og det vert kjekt!

onsdag 10. oktober 2007

Oppgåve om læringsteoriar

På mandag vart vi introdusert ei oppåve som skal handle om læringsteoriar. Vi skal setta oss inn i dei ulike læringsteoretiske paradigma + teoriane til nokre læringsteoretikarar, som skal "inspirera" oss til eit eget pedagogisk grunnsyn.
Eg følte meg ganske overvelda og litt "lost" med ein gong oppgåva var presentert. Vi satt oss ned i gruppa og laga arbeidsplan og bestemte oss for å gå heim å lese gjennom stoffet i didaktikkboka før vi gjekk vidare.
Heldigvis føler eg meg litt betre etter at eg leste i didaktikk boka der eg fekk ein viss oversikt og skjønte at dette vil gå bra.

Vi møttest igjen i gruppa idag og diskuterte kva syn/læringsteoretikarar vi vil ha med og korleis framføring vi skal ha. Fram til neste gong skal vi lesa om det vi har valgt for så å diskutera og jobba vidare med framføringa.

lørdag 6. oktober 2007

Å Leia basisgruppa på læringsarenaen

Det første vi gjorde i denne økta var å framføre dei ulike arbeidsmetodane som me hadde trekt frå sist ped time. Me vart møtt med at Birgit stod i døra og handhilste på alle, og med lys på pultane. Det var eit godt tips til å "sjå" kvar enkelt elev.
Når det gjeld framføringane av arbeidsmetodane var det mange nye for meg, og det var interessant å høyre om dei. Sjølv hadde eg om storyline-metoden og det var også nytt for meg, og det har eg veldig lyst å prøve ein gong.

Så hadde vi om korleis vi skal lede ei basisgruppe. Eg var eining i at me som lærarar skal ver ein tydelig vaksen for elevane, i tillegg til å ha gjensidig respekt og gode relasjonar .
Det er mykje lærarar må ta stilling til og ha i bakhovudet som klassestyrar. Eit godt poeng som eg ikkje hadde tenkt på før var at ein lærar skal ha autoritet utan å vera autoritær. Ein må vera streng og setja grenser, men elevane skal ikkje vera redde for deg. Eg la med også merke til det Birgit sa om det å sende elevane til rektor. Eg har alltid sett på det som ein naturlig følgje dersom elevane gjer noko veldig galt. Men då misser du jo kanskje litt respekt og autoritet. Ein bør kanskje prøve å ordne opp i slike problem sjølv, gjennom å samtala med elevane. Og dersom ein ikkje klarar og ordne opp og misser kontrollen så bør ein ty til andre hjelpemiddel. (for eksempel kollegaer)

Eg har også tenkt litt på det med omgivnadar. Det er jo klart viktig at det er skikkelig og fint på ein skule. Eg merkar sjølv at eg trives betre når det er fint rundt meg. På vidaregåande skule på husnes der eg gjekk i fjor var det skrive små koselige dikt rundt om i gangane og det hang bilete som me som gjekk på formgiving hadde laga. Det piffar opp skulen og gjer han mindre kjedelig. HSH og synes er er ein fin skule med mykje moderne kunst.

Når ein leiar ei basisgruppe må ein tenke på at vår væremåte påverkar elevane. Men det gjer også foreldra sin væremåte. Og eit godt tips me fekk av Birgit var å snakke med foreldra og be dei om å ikkje snakke negativt om skulen eller læarar.

Når det gjeld om det at ein lærar må ta tak i masse ulike problem gjorde fimen om Robin inntrykk. Det var faktisk rett før tårene rant, og eg kan ikkje forstå at rektoren ikkje ville kalla det for mobbing. At Robin faktisk måtte flytte til ein ny skule fordi dei ikkje ville ta tak i problemet synes eg er oppsiktsvekkande. Eg blei heldigvis letta då han trives på den nye skulen. Det er viktig som lærar å ta tak i slike problem lenge før det utviklar seg sånn som med Robin. Det skal være klart for alle elevar og lærarar at slikt blir ikkje tolerert! Og det er faktisk brot på låva å ikkje ta tak i slike saker.

Observasjon i praksis

Det var ganske merkelig å komme tilbake til barneskulen og bare setta seg ned å observera. Det er lenge sidan eg gjekk på barneskulen så det var veldig kjekt å sjå korleis dei har det på barneskular no til dags. Det kom fram ganske mange minner sjølv om eg ikkje gjekk på den skulen når eg var liten. Dei brukte til og med to av dei same lærebøkene som eg brukte då eg gjekk på barneskulen!

Utfordringa med å observera var vel å skriva ned det som var relevant. Det blei så mykje inntrykk på ein gong. I timane skreiv eg ned både referat og litt meiningar og slikt som eg kom på. Så det blei ganske mykje logg.

Me skulle jo finna ut korleis barn er og bare ved å observera fann eg ut mykje. Både utsjånad, klede, kva dei leikar og korleis dei oppfører seg. Men sjølv om eg fekk eit inntrykk når eg observerte, kunne det forandre seg totalt når eg samtala med elevane.

Øvingslæraren min hadde ikkje hatt denne klassen før, så han haldt på å utforske metodar og prøve å finne sin lærarrolle i klassen. Det var veldig interessant å følgje med på korleis han ville takle dei ulike situasjonane, i og med at han ikkje kjende dei så godt. Eg merka at han observerte mykje sjølv og han prøvde å ”sjå” alle elevane. Det trur eg er viktig som lærar. Du lærer mykje ved å bare observera, det la eg merke til. Men det var litt vanskeleg å observere heile klassen på ein gong, eg vil tru at det lønnar seg å ta utgangspunkt i ein elev, eller ei gruppe.
For å sjå og ta vare på kvar enkelt elev er observasjon viktig, pluss loggføring. Men er trur ikkje det er nok, for det er lett å feiltolka det ein ser. Elevsamtalar er også viktig, og det gjer at læraren blir godt kjende med eleven og det blir lettare å følgja opp denne eleven.



Revidert 24.04.08

Etter å ha leita litt i praksis arkivet mitt har eg funne nokre av dei notatane eg tok i denne praksisperioden. Her har eg skreve meir om korleis eg oppfatta elevane: .

Kva har dei på seg?: Det såg ikkje ut til at dei er særlig opptatt av utsjånad. Dei fleste gjekk i behaglige kler og jogge kler. Ei jente skilte seg litt ut med at ho har litt spesiell klestil (masse mønster og fargar) Men det såg ikkje ut til at ho blei utstøyt fordi om.

Kva leikar ungane?: Tikken, spenne på ball, leikeslåssing, jenter mot gutar, hoppeleikar. Elles spring dei mykje rundt på bakken framfor skulen. Dei ville også ha oss med i leiken.

Kva pratar dei om? Om friminutta, kva dei skal gjere på den dagen og slike ting. Dei var også interesserte å veta litt om oss og. Eg satt meg ned med jentene i tekstiltimen og stilte spørsmål om kva dei gjorde på fritida og kva dei ville bli når dei vart store. På fritida gjekk nokon korps, dans, turn, foreiningar eller fotball. Når dei vart store ville dei bli dyrlege, førskulelærar eller forfattar.

Midt i praksisperioden var me på hsh på seminar. Der fekk me snakka om det me hadde observert og korleis dei to praksis skulane var. Det var mange forskjellar mellom dei to skulane. Skåredalen skule er ein nyare skule som blandt anna har smart board i klasseromma. Smart board hadde eg aldrig høyrt om før så det var interessant å høyre om det.

Når det gjeld elevane var det også nokre forskjellar. Til dømes kom det fram at elevane ved skåredalen skule var meir pressa til å bruke moteklede enn på langeland skule. Det var veldig interessant å høyre på kva dei andre hadde observert!

torsdag 27. september 2007

Observasjon (10.09.07)

(Eg såg at eg hadde gløymt å skrive blogg etter denne økta, men bedre seint enn aldrig!)

Vi gjekk nermare inn på observasjon og ulike observasjonsmetodar i denne ped økta.
Dette var jo til stor hjelp når vi skulle ut i praksis og skrive logg. Vi fekk også ein del tips og triks som vi kunne ta med oss i praksis. Eg har ikkje hatt så mykje om observasjon og loggføring før så det var interessant å gå meir innpå det.

Det var morosamt og setja seg i kantina og observera personar i ein halv time. Eg fant ut ganske mykje på den tida. F.eks kven som var "sjefen" i ein gjeng og slike ting greide eg å finne ut bare med å observera. Det får meg til å tenkte litt på korleis eg oppfører meg når eg er blandt folk. Og korleis andre tenker og oppfattar meg.

Det er veldig viktig for oss som skal bli lærarar at vi tenker på korleis vi oppfører oss. Ungar observerar den minste ting. Birgit viste oss eit lurt knep der ho stakk hendene i lomma når ho vert nervøs. Det brukte eg i praksis!

Dette var alså ei kjekk økt der eg lærte mykje. Eg tok med meg alt eg hadde lært til vi skulle ha praksis og det kom godt med.

Revidert 25.04.08

Observasjon er noko me gjer heile tida, i skulen er dette særs viktig. Det er eit godt hjelpemiddel til å innhenta informasjon om den einskilde eleven. Ein kan læra myke bare ved å observera. Dersom ein lærar har mistanke om at ein elev har problem av eit eller anna slag er det første læraren må gjere å observere. For å i det heile tatt plukke opp noko som helst er ein nødt å observere. I samband med dette kan det vera lurt å skriva logg, slik at ein ikkje gløymer viktige hendingar. Dette kan også hjelpa læraren til å finne ut kva problemet til denne eleven er.

Det som er viktig når ein skriv logg frå observasjonar eg å ikkje trekkja nokre konklusjonar. Det er lett å dømma når ein observerer. Og det gjer eg kvar dag trur eg. Dersom nokon går forbi meg på butikken har eg lett for å dømma etter det er ser. Dette har vist seg fleire gongar at eg har tatt heilt feil. Ein skal skildra det ein ser og ikkje det ein trur ein ser!

I tillegg til loggskriving finst det fleire observasjonsmetodar som for eksempel: Aktivitetsskjema og praksisforteljing. Akivitetsskjema (minuttobservasjon) var det eg brukte mest då me skulle observere i første praksisperiode. Då skreiv eg ned alt eg såg etter kronologisk rekkefølge i nokre minuttar. Av og til var det enklast å ta utgangspunkt i ei gruppe elevar, då det vart litt mykje å halda styr på kva alle elevane i klassen gjorde.

søndag 9. september 2007

Læraren sitt mandat og mange oppgåver

Etter nok ei pedagogikk økt sit eg igjen med mykje informasjon og tankar. Birgit snakka litt om Inge Eidsvåg og kva meiningar han har om læraryrket. Eg likte veldig godt dei ti boda til Eidsvåg. Sær godt likte eg "du skal sjå elevane". Det er ein veldig god og viktig eigenskap, men det er det langt i frå alle lærarar idag som har den eigenskapen. Det og vere glad i elevane er viktig. spesielt på barneskulen. Då føler elevane at læraren bryr seg om dei og vil deiras beste. Eg har aldrig høyrt om Inge Eidsvåg før, men eg tykte han hadde mange fine meiningar om det å vere lærar.

Det som kanskje festa meg mest med denne økta var om alle oppgåvene som lærarar har. Eg har jo alltid ville blitt lærar, men ikkje tenkt så mykje over alt ein lærar må halde styr på og ta stilling til. Det er mange som har sagt at vist eg gjekk denne vegen så vil eg få masse fri og lange feriar. Men det er jo ikkj slik i det heile. Som birgit sa så var det å henta seg inn igjen på begynnelsen av ferien og i slutten så er det planlegging av ein nytt år. Ein eg kjenner synest at eg burde ha gått ein anna veg på grunn av gode karakterar og kanskje valgt noko vansklegare enn å bli lærar. Eg blir rett og slett provosert! Det er frytelig mykje ein lærar må ta stilling til. Det er kanskje den viktigaste jobben i verda. lærarar er jo med på å oppdra borna ilag med foreldra. Det er ein utrulig viktig jobb, men det er sikkert ikkje lett! Lærarar idag har eit enormt ansvar og eg håpar eg er klar til å takle dette når eg er ferdig utdanna lærar.

Birgit gikk meir inn på omsorgsarbeidet( den "utvida lærarrolla") noko som eg synes er eit veldig interresant tema. Men eg veit ikkje korleis eg hadde klart å takle det visst ein av mine elevar hadde opplevd omsorgssvikt eller liknande. Det håpar eg vi vil gå meir innpå etterkvart, for det vil eg lære meir om!

Til slutt viste Birgit oss korleis vi skulle bli gode nettjegarar! Ho viste oss mange gode nettsider, og mange har eg lagt til som favorittar. Spesielt likte eg google earth! Eg har alltid vore ein god nettjegar, men med Birgit sine tips har eg lært å bli enda bedre!

onsdag 29. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt

Ragnhild heiter ho, ei lærarinne eg hadde frå første til sjuande klasse. Ho var tanta til besteveninna mi og nesten naboen min. Eg hadde ei fantastisk tid på barneskulen, mykje takka denne læraren.

Ho hadde langt stritt brunt hår og ho lukta alltid som blomar. Kleda bestod for de meste av lange genserar og svarte bukser, og ho hadde også alltid eit fint smykke rundt halsen. Ho hadde alltid eit smil på lur og greidde å engasjere oss! Men det som gjer at denne læraren er så spesiell er den fantastiske eigenskapen ho har med å få alle til å føle seg spesiell. Ho hadde ingen ”favorittar” men fekk oss til å føle at ho verkeleg brydde seg om kvar og ein av oss. Ho fekk ein slags nærkontakt med oss som eg aldrig har oppleve i seinare tid.

Ho var ein utruleg kjekk lærar, men kunne ta fram den strenge tonen når det trongst. Eit ganske effektivt system ho hadde på å skjerpe konsentrasjonen vår var å gi oss stjerner på tavla etter kor flinke vi var. Vi sat fire stykker i grupper og det blei stor konkurranse om å få mest stjerner.

Det er ikkje tvil om at denne læraren er den beste eg har hatt! Det var mykje song og leik i timane. Dessutan hadde ho med kake kvar gong nokon i klassen hadde bursdag. Det er alltid kjekt å få litt ekstra oppmerksomhet iblant, og det var ho flink til å gi!

På avslutningsfesten i sjuande klasse grein ho så tårene rant. Det gjorde forresten eg og! Det var så utrolig trist at det var siste dag eg hadde ho som lærar.
Ho hadde laga i stand eit fotoalbum til kvar og ein i klassen der det var bilete (og sjølvportrett) fra første klasse og oppover. Det vart eg veldig glad for. Men det var ikkje det siste me fekk sjå av ho, ho møtte også opp i kyrkja i konfirmasjonen vår og gav pengegåve til alle!
Eg snakka med Ragnhild seinast no i sommar. Ho er strålande fornøgd med at eg har valt å bli lærar! Eg kan ikkje sei heilt sikkert at eg hadde valt å gå denne vegen visst eg ikkje hadde hatt ein lærar som Ragnhild. Ho er ein stor inspirasjon og eg kjem aldrig til å gløyme ho!

tirsdag 28. august 2007

Kommunikasjon 27-08-07


På mandag hadde vi Birgit som fortalde oss om kommunikasjon. Det er eit stort men viktig tema!

Dersom vi skal samarbeide må vi kommunisere godt. For oss som skal bli lærarar er det heilt nødvendig med god kommunikasjon. Det er to ulike måtar å kommunisere på og det er: verbalt og med kroppsspråk. At kroppsspråket utgjer 70 % av kommunikasjonen var litt overraskande på meg. Eg har vel aldrig tenkt over kor mykje kroppspråket eigentleg seier.
Dette er viktig å ha i bakhovudet når ein er lærar. Sidan all kommunikasjon blir koda og tolka(mistolka) er det viktig å tenkte på kva ein vil formidla.

Men er det vi ynskjer å formidla verkeleg det vi formidlar? Vi ynskjer jo å formidle noko, men dersom vi får kommunikasjonsbrist rekk vi ikkje fram med den bodskapen. Det er derfor viktig å tenke på både val av ord, tonefall og kroppsspråk dersom bodskapen skal rekke fram. Dette må i allefald eg trene på! :)

I andre økt starta vi med å sjå eit morosamt klipp der ein person mimte orda på ein song med kroppen. Me skjønte raskt kva det var vi skulle gjere, jo nemmelig mimeleik! Det var kjempe kjekt. Der hadde birgit vore veldig kreativ og satt oss på ein prøve. Det var nemmelig ikkje alle "yrkesrollene" som var lika lette å mima.

Så såg vi ein episode av "kroppen" der kroppspråk var tema. Veldig interessant og veldig morosamt! Eg har aldrig tenkt over at det å le faktisk er ei form for kommunikasjon, ei slags positiv tilbakemeldig.

Eg synes dette var det kjekkaste me har hatt i pedagogikk til no. At kroppsspråket utgjer så mykje som det gjer var både oppsiktsvekkande og interessant!

Revidert 24.04.08

Eg har nokre kommentarar til dette med komunikasjon no som snart eit år eg gått. Dette med kroppspråk er noko som eg har prøvd å fokusera på når eg har våre ute i praksis. Dersom eg har vore nervøs har eg tatt hendene nedi bukselommene mine slik at eg ikkje skulle stå å "fikle" med andre ting. For då hadde elevane merka at eg var nervøs med ein gong. I tillegg til å tenkja på kroppspråk har eg prøvd å halde blikkontakt når eg har stått framme og snakka, og snakka med ei høg og tydeleg stemme. Ved å gjere dette vil eg framstå som meir sjølvsikker og trygg. Dermed trur eg også at elevane såg på meg som ein meir "tydeleg vaksen".

I praksis fekk eg også oppleve litt om kor mange samarbeidspartanar ein lærar må samarbeida med. Det å jobbe i team for eksempel, er veldig viktig for lærarar idag. Ein kan ikkje kjøre sitt eige løp lenger. I tillegg til dette må lærarane samarbeide med alle dei andre tilsette i skulen, der høgaste leiar eg rektor.

Elevane og foreldra deira er også viktig i denne samanheng. Å ha eit godt samarbeid mellom skule og heim er nødvendig dersom eleven skal få best læremiljø som mogleg. Har ein elevar i klassen med psykiske problem eller med andre vanskar må ein også samarbeide med tjenester som: Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT), Barne- og Ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) og barnevernet.

Ein lærar har altså mykje å forholde seg til, men det er absolutt heilt nødvening for at skulen skal fungera på best mogleg måte.

For at me skal fungera ilag i praksisgruppa lagde me nokre kjøyrereglar som alle måtte følge:
  1. Møte tirsdagar frå kl 12.39. Ellers etter behov.
  2. Verv av leirar på omgong, Kari begynner.
  3. Leiaren på gruppa bestiller grupperom og fungerar som ein kontaktperson for gruppa.
  4. Val av referent går også på omgong.
  5. Ingen får lov å "flyte" på dei andre.
  6. Alle får seia kva dei ynskjer og meinar.
  7. Dersom det låsar seg vert faglærar tilkallast for å løyse problemet.
  8. Alle må delta aktivt med gruppeoppgåver.
  9. Skrive dagbok i praksis.
  10. Alle på gruppa må følgje kjøyrereglane.

torsdag 23. august 2007

Kvifor lærar og kvifor hsh?

Det at eg skulle bli lærar har alltid vore eit mål hos meg. Heilt sida eg var lita og begynte på skulen fant eg ut at det var det eg skulle bli. Eg lærte vetlebror min å rekne før han byrja på skulen, og når han begynte på skulen likte eg godt å hjelpe han med leksene. Når eg leikte med dukker laga eg miniatyr skulebøker og leikte skule med dukkene mine.
Eg fann da ut at eg ville jobba med folk og læra ifra meg noke. Det måtte vera den optimale jobben!

Eg hadde ein lærar på barneskulen og ho har vore med å inspirert med til å velge læraryrket. Det som var så spesielt med ho var at ho brydde seg om kvar enkelt elev og var utruleg flink å lære fra seg. Det er vel av desse grunnane at eg valgte å gå denne vegen.

Då eg skulle søke på hsh var det ikkje så lett å velge kva slags lærar studie som var best for meg.Det stod mellom faglærar og almennlærar. Men eg valgte almennlærar og det angrar eg ikkje på! Eg storkosar meg og gledar med til å fortsette!

Grunnen til at eg valgte hsh er ganske enkel. Eg ville rett og slett gå på den skulen som var nermast heime (altså kvinnherad). Og sidan typen min hadde ein leilighet her på stord så var det endo ein god grunn til å gå på hsh. Eg har og prata med fleire som har gått på skulen før, og dei har berre snakka positivt om skulen.

Det er altså av desse grunnar at eg valgte lærarutdanninga og hsh. Eg angrar ikkje på det!

Tankar om faget pedagogikk

På mandag 20/8 fekk me meir innsyn i kva pedagogikk faget er og tar for seg.

Birgit introduserte blogg skriving for oss, og me lagde kvar vår blogg. Det er viktig at me kommenterer kvarandre sine bloggar og vera ein "kritisk ven". Det trur eg vil bli både interessant og lærerikt. Dersom me aldrig får kritikk har me ikkje moglegheit å forbetre oss heller!

Me fekk møte den andre pedagogikk læraren vår, Aashild. Ho haldt ei forelesning om pedagogikk som eit nytt fagområde. Det var interessant men noko tungt stoff var det. I og med at eg aldrig har vore innom faget pedagogikk før blir det mykje å setja set inn i. Men eg trur det blir kjekt å læra meir om faget, eg skal i alle fald jobba så godt eg kan!

søndag 19. august 2007

Meg

hei hei!
Mona Hellevik heiter eg. Eg er 18 år og kjem rett fra vidaregåande der eg gjekk på teikning/form og farge. Det var tre veldig kjekke år. Eg kjem fra Valen i Kvinnherad men bur på Stord ilag med typen min. Elles har eg ein vetlebror og to kattar som heiter Klompepusen (på bildet) og flekken. Eg jobbe annankvar helg heime på super spar (grisen), der har eg jobba i 2 år. Eg har ville blitt lærar sidan eg begynte på skulen så det har vert eit mål heile tida. Eg trur kanskje eg skal bli formingslærar men får sjå kva som skjer. Eg gledar meg til å starte på dette studiet og trur det kan bli kjempe kjekt!