onsdag 30. april 2008

Refleksjonsnotat


Ja, då var eit år med pedagogikk ferdig. Eg vil byrja med å sei at eg synes det har vore eit kjempe kjekt år, der eg har lært mykje.

Når det gjeld mine tankar om blogging som metode var det vanskelegare i starten enn no på slutten. I byrjinga synes eg det var ganske spanande og nytt men også litt slitsamt. Men eg ser verkeleg nytteverdien i å blogga. Det at ein faktisk må jobbe med eit tema fleire gonger gjer at eg lærer mykje meir enn å bare sjå på ei førelesning. I tillegg til dette har eg lært utruleg mykje ved å lesa andre sine bloggar. Då får ein sjå temaet i eit anna perspektiv og sjå korleis andre har tenkt.

Pedagogisk grunnsyn eg noko me har lært om dette året. . Eg har ikkje våre så veldig bevisst på kva grunnsyn eg har før eg begynte på hsh. Men eg synes det har våre interessant å læra om da.
Eg synes konstruktivisme og den sosiokulturelle er mest interessante, og meinar mange teoriar som ligg der speglar mitt pedagogiske grunnsyn. Det som er viktigast her er at kunnskap ikkje kan overførast, men må konstruerast. Type ”flaskepåfylling” går altså ikkje ann.
Men når det gjeld undervisningsformer var eg før eg kom til hsh nok mest begeistra for vanleg tavleundervisning, for det var det eg kjende best til. I pedagogikk faget har me hatt om ulike undervisningsmetodar og til og med prøvd ut ein del. Dette har vore veldig interessant, og eg må sei eg har blitt inspirert. Når eg skal ut i praksis neste gong vil eg ha dette i bakhovudet. Det er viktig å variera arbeidsmetodar for å få flest mulig av elevane med seg. Her er det bare å vera kreativ, og det skal eg fokusera på i neste praksisperiode.

I pedagogikk har me hatt eit del oppgåver som eg har lært utrulig mykje av. Motivasjon, matte-ped og samansatt tekst er dei største oppgåvene. I høve til tekstsamhandling har eg verkeleg blitt betre. Men det eg har lært mest av er at me har levert desse oppgåvene, og så har me fått dei igjen til ein andregongs-bearbeiding av oppgåva. Det er dette eg verkeleg har lært mykje av. Det å setje seg inn i eit stoff to gonger gjer at stoffet vert mykje lettare å hugsa. Eg synes det er flott at lærarane orkar å gå så grundig inn i oppgåvene me ha levert slik at me har kunne gjort det beste ut av oppgåva. Det har hjulpe meg mykje. Kanskje burde dette våre meir prioritert i grunnskulen? Eg har vore vant med å levere inn ei oppgåve og få karakter på ho og that`s it. Eg har lært mykje meir av å jobbe med den same oppgåva to gonger.

Når det gjeld meg sjølv som lærar har eg vokse mykje føler eg. I praksisperiodane har eg verkeleg fått sett at det er lærar eg vil bli. Å få ta i bruk det me har lært i pedagogikk timane i praksis har vore svært lærerikt og kjekt. Det har vore supert å ha ei praksisgruppe og praksislærar som har kome med innspel og slikt undervegs. I forholt til sosiokulturell teori og Vygotsky lærer ein mest i sosial samhandling med andre. Eg har og våre med og sett på når dei andre på praksisgruppa mi har undervist, og kome med innspel til dei. Det å få konstruktive tilbakemeldingar har gjort at eg har vakse veldig mykje i praksisperiodane. Eg kan no sei at eg føler meg meir sjølvsikker når det gjeld meg sjølv som lærar, og at eg er klar for å ta det eit steg vidare. Eg har endo meir å læra og det gler eg med til!

Men alså, dette har våre eit veldig kjekt år! Eg har gledd meg til kvar einaste pedagogikk time. Det seier vel litt når eg har hatt null fråver i dette faget :)
Eg visste at pedagogikk var eit stort fag med mykje pensum då eg begynte ved hsh. Men eg må seia at takke vere Birgit og Aashild har dei gjort det mykje enklare og kjekkare enn eg hadde trudd. Forelesningane har våre interessante og eg har sete som ein svamp og sugd til meg kunnskap.
Tuuusen takk for i år! :)

søndag 20. april 2008

Skulefrukost på Børtveit skule


Denne måndagen hadde Birgit ordna frukost til oss! Ei veldig grei ordning der alle tok med seg ein "ting" til frukosten! Det var kjempe koselig å gjera noko anna enn det vanlege. Der er Birgit kjempe flink! :) Ho har gitt meg mange idear som eg kjem te å ta med meg vidare. Det er ikkje så mangen lærarar som gjer det "lille ekstra" slik som Birgit gjer!

I tillegg til å eta frukost fekk me ein del klargjeringar om eksamen, så no må me berre stå på! :)

På slutten av "økta" fekk me sjå alle dei samansatte tekstane me har laga. Det var veldig kjekt å sjå korleis dei andre hadde gjort det og det var mangen kjekke og morosame filmar. Verkeleg ein kreativ klasse!

Vurdering og veiledning (07.04.08)

Å gi vegleiing og vurdering er ei av dei mange oppgåvene ein har som lærar. Dette trur eg ikkje er like lett alltid.
Noko som er viktig er at det må vera eit tillitsforhold mellom den som vert veileda og den som veileder. Dette krev at ein kjenner elevn godt.

Oppgåvene til ein vegledar er å:

1: Å vere utforskande saman med den som vert vegleda.
2: Å stille dei gode spørsmåla.
3: Å gje råd.
4: Å korrigera.


Vegleiing skal vera både munnleg og skriftleg. Noko som er veldig viktig i denne samanheng er å fokusera på det positive. Formålet med vegleiing er blant anna å fremme motivasjon hos eleven og at han har oppnådd de måla han skulle nå. Dette vil gjere eleven meir bevisst på eiga læring og utvikling. Foreldra får også veta kor eleven står i forhold til eit fag.

Det finst fleire typar vurdering. Blant anna formativ vurdering og summativ vurdering. Formativ vurdering er ”undervegsvurdering” medan summativ vurdering er ”sluttvurdering, til dømes standpunktkarakter. Forskjellen her er at summativ vurdering er vurdering av læringa medan formativ vurdering er vurdering for vidare læring. Noko som eg ikkje hadde høyrt om før var feedforward. Dette er ei slags ”framovermelding” som ein gjer undervegs.

På barneskulen får elevane vurdering utan karakter. Dette er ei vurdering som beskriver kor eleven står i forhold til de kompetansemåla som stå i faga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Etter barneskulen skal elevane få vurdering med karakter. Då skal dei ha både undervegsvurdering og sluttvurdering. Her må lærarane gi ein skikkeleg og god vurdering, for desse karakterane skal elevane ha med seg resten av livet.

På slutten av dagen fekk me i oppgåva i å gi vurdering. Me fekk først utdelt ein elevtekst som me skulle skriva ein vurdering til, med eigne ord. Så fekk me tre vurderings forslag der me skulle velje den me likte best. Det var kjekt å få prøve ut dette sjølv. Det eg fekk ut av det var at vurderinga skal ha eit positivt fokus og vise om eleven har oppnådd det målet han skulle. Ein skal ikkje samanlikna med dei andre i klassen, men gjerne trekke fram om eleven har utvikla seg sidan sist. Sjølv om vurderinga skal vera mest mogleg positiv skal ho vera konstruktiv og ein kan koma med forslag til kva eleven kan jobba meir med.

søndag 6. april 2008

Tilpassa opplæring (31.03.08)

”Alle kan læra alt” sa Johan Amos Comenius ein gong på 1600-talet. Det er godt sagt synes eg. Men alle kan ikkje læra alt på same måte. Derfor må undervisninga tilpassast evnene og føresetnadar for til den enkelte elev. Det står det i opplæringslova. Alle er ulike og bør derfor behandlast ulikt.

Når ein tenkjer på tilpassa opplæring er det lett å tenkja at dette gjeld elevar som er svakare stilt for å læra enn andre. Men tilpassa opplæring gjeld alle elevar. Eg synes det er heilt forferdeleg å høyre historiar om ”flinke” elevar som har måtte rekna den same matteboka to gonger. Dei ”flinke” må også få lov te å utvikla evnene sine og få utfordringar som passar for dei.

I dag skal alle skular drive med tilpassa opplæring. Dette er sikkert ikkje så lett. Har ein lærar ein klasse på 30 elevar er det ikkje så lett å tilpasse undervisninga for alle. Når eg gjekk på barneskulen var me rundt 10-15 elevar i klassen. Det var akkurat perfekt. Når ein har så få elevar må det vera mykje lettare å tilpasse opplæringa.



I læringsplakaten står det at skulen skal ”fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter”. Men det er nok ikkje så lett å tilpasse all undervisning. Nesten uansett kva arbeidsmetode ein vel, er det alltid slik at den ikkje fungerer like godt for alle. Dette har eg merka sjølv når eg har våre i praksis. Men for å klare å ”nå” ut til alle er læraren nødt til å variera arbeidsmetodane.

Dersom ein skal undervise på tavla heile dagen vil de ”svake” elevane fort dette ut, då det kan bli for mykje teori. Det som er best for desse elevane er som regel noko praktisk. Dette la eg merke til då eg var i praksis. Det var utruleg kjekt å sjå elevar som "strålte" når me haldt på med kunst og håndverk for eksempel.

Dersom elevar med lese og skrivevanskar skal jobbe med oppgåveløysing vil dei elevane dette av lasset dersom dei ikkje får hjelp. Det er jo nokre elevar som har hjelpelærar, men nokre stadar er ikkje alltid dei kan være med i timane og då må desse elevane jobbe på eiga hand. Eg trur i allefald at det vil vera enklare å drive med tilpassa opplæring dersom skulen har midlar til det.

Eg trur det er viktig å få elevane med på å forstå at alle er ulike og at nokre derfor får litt spesiell behandling. Noko som kan vera eit minus for dei som får tilpassa og tilrettelagt lekseplanar og oppgåver for eksempel, er at dei kan føle seg ”dummare” enn resten av klassen. Det blir jo heilt feil, slik skal det ikkje vera. Då eg var i praksis hadde me ein slik elev i klassen, men heldigvis viste dei andre elevane stor forståing for at denne eleven fekk ei spesiell behandling. Dersom dei for eksempel skulle lese høgt i Engelsktimen var det ingen som synes det var urettferdig at denne eleven slapp å lese. Det er kjempe flott at barn forstår slikt!

På slutten av denne økta fekk me i oppgåve å lage eit tipassa opplegg til ei gruppe elevar. Først skulle me skissere opp 4 ulike metodar og så skulle me velje ei og laga eit opplegg. Me hadde mange gode idear innan gruppa vår og då me hadde oppsummering fekk me høyre kva dei andre gruppene hadde kome fram til.

Yrkesetisk seminar (26.03-28.03)

Dette yrkesetiske seminaret som gjekk over tre dagar har vore noko av det mest lærerike eg har våre borti dette året.
Første dagen fekk me ei lita innføring av Birgit og Tormod på kva dette gjekk ut på. Så blei me delt inn i grupper, på tvers av klassane denne gongen og det fungerte veldig bra. Det er flott at me får jobbe på ulike grupper, med forskjellige mennesker. Dersom ein jobbar i same gruppe heile tida er det lett å hengja seg opp i ein måte å jobba på. Dessutan må ein jobbe på team når ein er lærar og då får ein ikkje velje kven ein skal jobbe med, ein må godta og lære seg å jobbe med alle.

Alle gruppene skulle lage 10 yrkesetiske bud for lærarar. Det gjekk for så vidt greitt, men det å rangere dei etter kva som var viktigast var ei utfordring. Alle buda me hadde med var jo viktige, men me kom fram til ei grei rangering der nokre av buda kunne sidestillast.

Etterpå gjekk me igjennom fire casar som me fekk utdelt. Det vart ikkje så mykje diskusjon på gruppa mi eigentleg, me vart stort sett einige! :) Men då me skulle setja oss i lag med nokre av dei andre gruppene den siste dagen, vart det mange diskusjonar. Det var veldig interessant å høyre korleis dei andre hadde løyst casane. Eg satt som ein svamp og saug til meg alt som vart sagt. :) Eg lærte mykje av å høyre på korleis dei andre hadde tenkt.

Som lærar har ein mykje ansvar. Ein må ta mange val der ein må tenkje over kva konsekvensen blir, i tillegg skal ein kunne grunngi kvifor ein vel som ein gjer. Det måtte me gjere då me skulle løyse desse casane. I bakhovudet hadde me dei 10 yrkesetiske buda.

Dette synest eg var ei veldig kjekk måte å arbeida på! Eg håpar det vart fleire slike seminar i framtida. :)

Revidert 26.04.08

I følgje forvaltningslova er alle offentleg tilsette pålagt til å følgje teieplikta. Dette betyr at ein ikkje kan gi personlege opplysningar som ein får veta på jobben sin til uvedkommande personar som ikkje har behov for slike opplysningar. Denne plikta gjeld livet ut og er veldig viktig for lærarar, då brot på denne lova kan få konsekvensar. Då eg var i praksis vart det lagt stor vekt på dette. Eg synes det var litt vanskeleg i byrjinga og ikkje kunne fortelje nokon utanfor skulen om kva eg hadde opplevd i praksis. Men eg har stor respekt for denne lova så det gjekk fint etter kvart!

Opplysningsplikta handlar om kor til ein har rett til å bryta teieplikta. Dette gjeld dersom ein person sitt liv eller helse står i fare. For eksempel er ein lærar plikta til å fortelje barnevernet dersom nokon i skulen blir utsatt for omsorgsvikt.

Når det gjeld konsekvensetikk og pliktetikk synes eg det var ganske vanskeleg og skilje dei. Men etter å ha jobba litt med det har eg kome fram til dette:

I konsekvensetikken er det sjølve konsekvensen av handlinga som er sentral. I følgje John Stuart Mill og den etiske retninga ”utilitarisme” er ”Størst mulig nytte for flest mulig mennesker” det beste. Grunnideen her er at konsekvensen skal ha mest nytte for fleirtalet.

I pliktetikken er det sjølve plikta som avgjer om ei handling er god eller ikkje. I følgje Imannuel Kant meinar han at menneske aldrig skal behandlast bare som eit middel, men også som eit mål i seg sjølv. Fleirtalet kan altså ikkje kome på bekostning av mindretalet.

Eg hadde gløymt å leggje ut dei 10 yrkesetiske buda me på gruppa hadde utforma, så her kjem dei:

1: Skape trygghet:
Trygghet er en grunnpilar i barnas hverdag. Uten at elevene føler trygghet på skolen vil det ikke være utvikling på noe plan, f.eks. faglig, sosialt eller emosjonelt.

2: Se alle elevene og behandle dem likeverdig:
Barns behov, evner og vilje må bli respektert og tilrettelagt for. Gjennom denne tilretteleggingen skal de oppnå anerkjennelse. Alle barn skal ha lik rett til å bli behandlet ulikt, alt etter hva som er deres behov og forutsetning for mestring og utvikling.
3: Til en hver tid være oppdatert og tro mot gjeldende lovgivning og fagplaner:
Dette er de viktigste styringsdokumentene en lærer har med å gjøre, det er en lærers arbeidsinstruks og ”bibel”. Ved å gå inn i læreryrket har en godtatt disse, og pliktes derfor til å følge dem. F.eks. taushetsplikt, opplysningsplikt, fritaksrett, samt gjeldende fagplaner for hvert enkelt fag.
4: Legge frem faglig innhold med innlevelse og engasjement, på en måte som skaper mest mulig interesse og motivasjon blant elevene:
Som lærer har vi fagplaner og kompetansemål elevene skal oppnå gjennom sin skolegang. Da er det vår plikt som lærere å legge opp undervisningen på en slik måte at elevene blir interessert og motivert for å lære.

5: Være ydmyk, lyttende og åpen for samarbeid ovenfor kollegaer:
Som lærer jobber en i team, og samarbeid er en avgjørende faktor for å få dette til å fungere på best mulig måte.
6: Skape god kommunikasjon mellom skole og hjem:
God kommunikasjon er grunnleggende for et godt samarbeid mellom skole og hjem. Gjennom samarbeidet skal begge parters interesser komme frem, og ivaretas på en tilfredsstillende måte, det er da helt grunnleggende at lærer viser seg frem som et stabilt ledd i dette samarbeidet, da vi er i et stadig mer utfordrende samfunn.
7: Ivareta hvert enkelt barns faglige interesse og fremgang:
Alle barn har rett på tilpassede og optimale utfordringer og gjennom disse oppleve mestring og utvikling. Ellers se punkt 2.
8: Være et godt forbilde:
Vi som voksenpersoner som daglig er i kontakt med elever og barn, må til en hver tid være obs på at det vi gjør og sier blir lagt merke til. Lærere er i en stilling med masse makt, og har stor påvirkning på elvene. Det må til en hver tid være samsvar mellom ord og handling. Å være et godt forbilde, handler også som å vise seg som en
9: Være en god ambassadør for skolen:
En lærer er skolens ansikt utad, på den måten må læreren representere skolen på best mulig måte. Viktig at det er god kommunikasjon mellom skolen og samfunnet, og derfor må skolen gjøre sitt beste for å opprettholde den.
10: Være deltakende i skolens felles målsetning:
Jobbe med skolens ledelse og andre kollegaer, og ikke mot dem. Være med å dra lasset i rett retning. F.eks. ved å overholde skolens reglement i din klasse, ikke kjøre sitt eget løp, og jobbe i tråd med skolens felles ideologiske plattform.

lørdag 29. mars 2008

3 praksisperiode

Då var tredje (og siste) praksisperiode i dette semesteret over. For nokre kjekke veker me har hatt! Eg har kost meg skikkelig! I tillegg til å ta over mesteparten av undervisninga har me blant anna fått vore med på trur til gruvene på Litlabø, og fått delteke på solidaritetsdagen. Det var to veldig kjekke dagar!

Det å planlegge langsiktig er viktig, og det fekk me vera med på i denne praksisperioden. Me planla i team der me vart einige om kor lang tid vi skulle bruke på kvart enkelt tema innanfor visse fag. Det som var litt utfordrande var å halde seg til denne planen, men det gjekk forsåvidt greit.

Mitt personlege mål for denne perioden var å prøve å gi klare beskjedar til heile klassen. I tillegg til dette har eg hatt i bakhovudet å prøve å bli ein enda meir tydeleg vaksen for elevane. Dette med å vera tydeleg vaksen er noko av det vanskelegaste eg har støtt på i praksis. Det er ikkje så lett å ha ein god tone med elevane og framleis setja grenser. Heldigvis føler eg at eg har blitt ein meir tydeleg vaksen for elevane den siste praksisperioden. Eg har prøvd å vera meir bestemt når eg snakkar, og ikkje minst har eg prøvd å vera meir konsekvent når det gjeld samsvar mellom ord og handling. Dette har hatt ein positiv effekt for meg som lærar.

Eg har lært at ein treng ikkje vera streng og sur for å vera ein tydeleg vaksen. Ein kan vera streng og bestemt men med eit blunk i auga på lur. Det å ha eit svingande humør trur eg hjelp lite. Derfor har eg prøvd å halda det same humøret heile tida.

Når det gjeld å formidle stoffet slik at elevane vart motiverte treng eg nok meir trening. Det viste seg blant anna at me på vår praksisgruppe brukte dei same arbeidsmetodane heile tida. Eg kunne merke på elevane att dette blei litt kjedelig og einsformig. Neste gong eg skal i praksis vil eg prøve å variere arbeidsmetodane meir. Elles føler eg at når det gjeld enkelte fag så er det vanskeleg å formidle stoffet på ein engasjerande måte, nettopp fordi eg ikkje er så veldig interessert i faget sjølv. Dette er noko eg må jobba meir med. Dersom eg ikkje viser at eg er interessert i faget, vil ikkje elevane synast at det er interessant heller.
I tillegg til dette har eg fokusert litt på å gi elevane ros når dei var flinke, både til heile klassen og til den einskilde eleven.

Me skulle prøve å fokusere på å bruke ikt i undervisninga i denne praksisperioden. Grunna tekniske problem var det ein periode me ikkje kunne nytta datamaskinane på langeland. Likevel fekk me nytta dei ein gong. Denne timen fekk elevane friska opp dugleikane sine i tekstbehandling, Det virka som det var ein nyttig time.
I tillegg til dette viste me fram dei samansette tekstane våras, noko som elevane tykte var kjekt.

Noko av det kjekkaste eg oppdaga i denne praksisperioden var at eg er mykje gladare i born enn eg trudde. Me vart så godt kjende med dei og var med dei kvar dag. Eg vart skikkelig glade i dei. Dei er så forskjellige og utrulige alle saman!

Då den siste dagen var komt var det ganske vemodig og seia hade til alle. Eg skal innrømme at eg fell ei tåre og to. Men då eg kom heim seinare den dagen fekk eg blomar og brev frå tre av elevane i praksisklassen min. Det var utrulig rørande og kjekt å veta at dei har satt pris på meg.

Alt i alt har dette vore den absolutt kjekkaste og mest lærerike praksisperioden me har hatt!

Revidert 26.04.08

Det faget eg følte at elevane var mest interessert i (som eg underviste i) var blant anna teikning. Eg trur nok det kan hengja saman med at eg er så glad i teikning sjølv, så det smitta nok litt over på elevane. Dessutan trur eg dei satt pris på at dei fekk prøve nye ting når det gjaldt teikning, sia eg hadde så mangen idear frå då eg gjekk på formgiving.
Praksislæraren min sa at han ikkje var noko særleg kreativ sjølv, så eg fekk slå meg heilt laus når det gjeld kva for opplegg eg ville ha!:D Dette er jo absolutt eit fag som eg brenn for, og eg trur at elevane kunne sjå og føle det :)

Så var det dette med arbeidsmetodar. I praksis gjekk det veldig mykje i tavleundervisning og oppgåveløysing på vår gruppe. Eg sakna meir variert undervisning. Eg var ikkje særlig flink til å tenke "nytt" då eg var der. Så neste gong vil eg prøva å vera litt meir kreativ når eg skal planlegga eit undervisningsopplegg :)


<-- Her er eit bilete frå den dagen me for på tur med praksisklassen til gruvene i Litlabø. Det var veldig kjekt å sjå elevane i ei anna "setting" enn i klasserommet! :) Eg hadde aldrig vore der før så det var veldig interessant å høyre om gruvene.

Ynskjeøkt (11.02.08)


Denne dagen hadde me om spesialpedagogikk, noko som eg synest er eit veldig interessant tema. Eg trur at dette feltet bør alle lærarar kunna meir om. Her kjem nemleg tilpassa opplæring inn, noko som alle skular skal driva med i dag. Alle born er forskjellige og har forskjellige behov, derfor kan ikkje skulen stilla dei same krava til alle.

Me fekk sjå ein film om ein nyutdanna lærar som hadde ein klasse med ”vanskelege” elevar. Eg synes han gjorde ein god jobb med tanke på at han var nyutdanna. Det eg vart mest positivt overraska over var at han ikkje hadde merkelappar på elevane, og at han brydde seg om alle. Han hadde også ein veldig vilje til å læra desse elevane noko. Dette er veldig viktige moment ein lærar bør ha ”inne”.

Då eg gjekk på barneskulen var det bare ein diagnose eg viste om og det var lese og skrivevanskar. Eg fekk nemleg litt sjokk første gong eg kom ut i praksis og såg at det var så mange med ulike diagnosar i klassane. Eg kan ikkje hugse at det var slik då eg var lita, men diagnosane fantes vel på den tida og vell? Kanskje grunnen var at det ikkje blei snakka så mykje om det? Nei, ikkje veit eg.

Det finst mangen diagnosar og mykje å ta stilling til for ein lærar. Dysleksi, dyskaluli, ADHD og andre typar for funksjonssvikt. Heldigvis er ikkje læraren åleine om å håntere slike elevar. Ein lærar skal ikkje kunna alt heller. Nokre elevar har for eksempel hjelpelærarar, det lettar jo litt på trykket for læraren. Men det er ikkje alle skular som har midlar til dette. Då eg var i praksis var det ein elev som hadde hjelpelærar, men ho var ikkje med denne eleven i alle timane. Dersom ein elev ikkje har ein diagnose men læraren oppdagar at det kan vera noko skal ikkje læraren håntere dette åleine. PPT er ei av tjenestene læraren kan ta kontakt med. Dette synes eg er betryggande å tenkje på.

Eg leste ein artikkel som Birgit la ut, om ei jente som fekk beskjed at ho hadde lese og skrivevanskar. Etter mange år viste det seg at ho hadde eit synsproblem. Det var ganske oppsiktsvekkjande synast eg.
Dersom ein lærar trur at ein elev kanskje har lese og skrivevanskar må ein gjera noko med det med ein gong. Det er jo kjempe viktig dersom denne eleven skal få hjelp så tidleg så mogleg.

Eg synes dette er eit veldig viktig tema, og håpar eg skal lære meir om dette. :)