søndag 6. april 2008

Tilpassa opplæring (31.03.08)

”Alle kan læra alt” sa Johan Amos Comenius ein gong på 1600-talet. Det er godt sagt synes eg. Men alle kan ikkje læra alt på same måte. Derfor må undervisninga tilpassast evnene og føresetnadar for til den enkelte elev. Det står det i opplæringslova. Alle er ulike og bør derfor behandlast ulikt.

Når ein tenkjer på tilpassa opplæring er det lett å tenkja at dette gjeld elevar som er svakare stilt for å læra enn andre. Men tilpassa opplæring gjeld alle elevar. Eg synes det er heilt forferdeleg å høyre historiar om ”flinke” elevar som har måtte rekna den same matteboka to gonger. Dei ”flinke” må også få lov te å utvikla evnene sine og få utfordringar som passar for dei.

I dag skal alle skular drive med tilpassa opplæring. Dette er sikkert ikkje så lett. Har ein lærar ein klasse på 30 elevar er det ikkje så lett å tilpasse undervisninga for alle. Når eg gjekk på barneskulen var me rundt 10-15 elevar i klassen. Det var akkurat perfekt. Når ein har så få elevar må det vera mykje lettare å tilpasse opplæringa.



I læringsplakaten står det at skulen skal ”fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter”. Men det er nok ikkje så lett å tilpasse all undervisning. Nesten uansett kva arbeidsmetode ein vel, er det alltid slik at den ikkje fungerer like godt for alle. Dette har eg merka sjølv når eg har våre i praksis. Men for å klare å ”nå” ut til alle er læraren nødt til å variera arbeidsmetodane.

Dersom ein skal undervise på tavla heile dagen vil de ”svake” elevane fort dette ut, då det kan bli for mykje teori. Det som er best for desse elevane er som regel noko praktisk. Dette la eg merke til då eg var i praksis. Det var utruleg kjekt å sjå elevar som "strålte" når me haldt på med kunst og håndverk for eksempel.

Dersom elevar med lese og skrivevanskar skal jobbe med oppgåveløysing vil dei elevane dette av lasset dersom dei ikkje får hjelp. Det er jo nokre elevar som har hjelpelærar, men nokre stadar er ikkje alltid dei kan være med i timane og då må desse elevane jobbe på eiga hand. Eg trur i allefald at det vil vera enklare å drive med tilpassa opplæring dersom skulen har midlar til det.

Eg trur det er viktig å få elevane med på å forstå at alle er ulike og at nokre derfor får litt spesiell behandling. Noko som kan vera eit minus for dei som får tilpassa og tilrettelagt lekseplanar og oppgåver for eksempel, er at dei kan føle seg ”dummare” enn resten av klassen. Det blir jo heilt feil, slik skal det ikkje vera. Då eg var i praksis hadde me ein slik elev i klassen, men heldigvis viste dei andre elevane stor forståing for at denne eleven fekk ei spesiell behandling. Dersom dei for eksempel skulle lese høgt i Engelsktimen var det ingen som synes det var urettferdig at denne eleven slapp å lese. Det er kjempe flott at barn forstår slikt!

På slutten av denne økta fekk me i oppgåve å lage eit tipassa opplegg til ei gruppe elevar. Først skulle me skissere opp 4 ulike metodar og så skulle me velje ei og laga eit opplegg. Me hadde mange gode idear innan gruppa vår og då me hadde oppsummering fekk me høyre kva dei andre gruppene hadde kome fram til.

Ingen kommentarer: