søndag 28. oktober 2007

Framføring av læringsteoriane

På mandag samla me oss heile A1-kullet for å framføre oppgåva om læringsteoriar. For å roe ned nervene våre sat Birgit på rolig musikk og skrudde av lyset. Det fungerte godt!

Eg synes det var mange gode framføringar. Sjølv om nesten alle hadde power-point var det likevel variert. Nokon song, nokon viste film og nokon dramatiserte. Det var veldig kjekt å sjå kor kreative dei andre har vore, og korleis dei forskjellige gruppene tolka oppdraget. Det var også veldig lærerikt. Det var mykje som var nytt for meg og på grunn av kjekke framvisingar vart det veldig interessant.
Det var mange som valde å ha om samme teoriar så det blei ein del repetisjon, men det er jo bare bra å få repetert stoffet. Då hugsar i alle fald eg betre!

Eg synes det har vore ei kjekk og lærerik oppdrag. Eg må innrømme at eg var litt oppgitt i begynnelsen men etter kvart som eg satte med inn i stoffet vart det kjekkare. Neste mandag er det to grupper igjen som skal framføre, og det vert kjekt!

2 kommentarer:

Mariann Habbestad sa...

Heisann:)
Eg er enig me deg i at dette var veldig lærerikt! Eg synst gruppa di hadde ei god framføring, spesielt likte eg filmen dykkar!
Men korleis synst du sjølv at framføringa gjekk? Er det noko du ser du ville endra på i ettertid?

Mona H sa...

Eg synes det gjekk bra. Eg såg at budskapet i filmen kanskje kunne mistolkast, så eg ville ha endra det til ein anna gong. Men elles er eg fornøgd!