Utfordringa med å observera var vel å skriva ned det som var relevant. Det blei så mykje inntrykk på ein gong. I timane skreiv eg ned både referat og litt meiningar og slikt som eg kom på. Så det blei ganske mykje logg.
Me skulle jo finna ut korleis barn er og bare ved å observera fann eg ut mykje. Både utsjånad, klede, kva dei leikar og korleis dei oppfører seg. Men sjølv om eg fekk eit inntrykk når eg observerte, kunne det forandre seg totalt når eg samtala med elevane.
Øvingslæraren min hadde ikkje hatt denne klassen før, så han haldt på å utforske metodar og prøve å finne sin lærarrolle i klassen. Det var veldig interessant å følgje med på korleis han ville takle dei ulike situasjonane, i og med at han ikkje kjende dei så godt. Eg merka at han observerte mykje sjølv og han prøvde å ”sjå” alle elevane. Det trur eg er viktig som lærar. Du lærer mykje ved å bare observera, det la eg merke til. Men det var litt vanskeleg å observere heile klassen på ein gong, eg vil tru at det lønnar seg å ta utgangspunkt i ein elev, eller ei gruppe.
For å sjå og ta vare på kvar enkelt elev er observasjon viktig, pluss loggføring. Men er trur ikkje det er nok, for det er lett å feiltolka det ein ser. Elevsamtalar er også viktig, og det gjer at læraren blir godt kjende med eleven og det blir lettare å følgja opp denne eleven.

Revidert 24.04.08
Etter å ha leita litt i praksis arkivet mitt har eg funne nokre av dei notatane eg tok i denne praksisperioden. Her har eg skreve meir om korleis eg oppfatta elevane: .
Kva har dei på seg?: Det såg ikkje ut til at dei er særlig opptatt av utsjånad. Dei fleste gjekk i behaglige kler og jogge kler. Ei jente skilte seg litt ut med at ho har litt spesiell klestil (masse mønster og fargar) Men det såg ikkje ut til at ho blei utstøyt fordi om.
Kva leikar ungane?: Tikken, spenne på ball, leikeslåssing, jenter mot gutar, hoppeleikar. Elles spring dei mykje rundt på bakken framfor skulen. Dei ville også ha oss med i leiken.
Kva pratar dei om? Om friminutta, kva dei skal gjere på den dagen og slike ting. Dei var også interesserte å veta litt om oss og. Eg satt meg ned med jentene i tekstiltimen og stilte spørsmål om kva dei gjorde på fritida og kva dei ville bli når dei vart store. På fritida gjekk nokon korps, dans, turn, foreiningar eller fotball. Når dei vart store ville dei bli dyrlege, førskulelærar eller forfattar.
Midt i praksisperioden var me på hsh på seminar. Der fekk me snakka om det me hadde observert og korleis dei to praksis skulane var. Det var mange forskjellar mellom dei to skulane. Skåredalen skule er ein nyare skule som blandt anna har smart board i klasseromma. Smart board hadde eg aldrig høyrt om før så det var interessant å høyre om det.
Når det gjeld elevane var det også nokre forskjellar. Til dømes kom det fram at elevane ved skåredalen skule var meir pressa til å bruke moteklede enn på langeland skule. Det var veldig interessant å høyre på kva dei andre hadde observert!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar