
Eg følte meg ganske overvelda og litt "lost" med ein gong oppgåva var presentert. Vi satt oss ned i gruppa og laga arbeidsplan og bestemte oss for å gå heim å lese gjennom stoffet i didaktikkboka før vi gjekk vidare.
Heldigvis føler eg meg litt betre etter at eg leste i didaktikk boka der eg fekk ein viss oversikt og skjønte at dette vil gå bra.
Vi møttest igjen i gruppa idag og diskuterte kva syn/læringsteoretikarar vi vil ha med og korleis framføring vi skal ha. Fram til neste gong skal vi lesa om det vi har valgt for så å diskutera og jobba vidare med framføringa.
1 kommentar:
Ja, det er jo ikkje rart de kjende dykk litt "lost". Det blir jo på mange måtar som å "hiva seg ut på djupt vatn", men eg har stor tru på at de vil visa dykk "symjedyktige" og ser fram til framføring på måndag. Elles er eg jo her om de har spørsmål i høve til paradigma, dei ulike teoretikarane, presentasjonen eller berre treng å prata litt?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar