lørdag 6. oktober 2007

Å Leia basisgruppa på læringsarenaen

Det første vi gjorde i denne økta var å framføre dei ulike arbeidsmetodane som me hadde trekt frå sist ped time. Me vart møtt med at Birgit stod i døra og handhilste på alle, og med lys på pultane. Det var eit godt tips til å "sjå" kvar enkelt elev.
Når det gjeld framføringane av arbeidsmetodane var det mange nye for meg, og det var interessant å høyre om dei. Sjølv hadde eg om storyline-metoden og det var også nytt for meg, og det har eg veldig lyst å prøve ein gong.

Så hadde vi om korleis vi skal lede ei basisgruppe. Eg var eining i at me som lærarar skal ver ein tydelig vaksen for elevane, i tillegg til å ha gjensidig respekt og gode relasjonar .
Det er mykje lærarar må ta stilling til og ha i bakhovudet som klassestyrar. Eit godt poeng som eg ikkje hadde tenkt på før var at ein lærar skal ha autoritet utan å vera autoritær. Ein må vera streng og setja grenser, men elevane skal ikkje vera redde for deg. Eg la med også merke til det Birgit sa om det å sende elevane til rektor. Eg har alltid sett på det som ein naturlig følgje dersom elevane gjer noko veldig galt. Men då misser du jo kanskje litt respekt og autoritet. Ein bør kanskje prøve å ordne opp i slike problem sjølv, gjennom å samtala med elevane. Og dersom ein ikkje klarar og ordne opp og misser kontrollen så bør ein ty til andre hjelpemiddel. (for eksempel kollegaer)

Eg har også tenkt litt på det med omgivnadar. Det er jo klart viktig at det er skikkelig og fint på ein skule. Eg merkar sjølv at eg trives betre når det er fint rundt meg. På vidaregåande skule på husnes der eg gjekk i fjor var det skrive små koselige dikt rundt om i gangane og det hang bilete som me som gjekk på formgiving hadde laga. Det piffar opp skulen og gjer han mindre kjedelig. HSH og synes er er ein fin skule med mykje moderne kunst.

Når ein leiar ei basisgruppe må ein tenke på at vår væremåte påverkar elevane. Men det gjer også foreldra sin væremåte. Og eit godt tips me fekk av Birgit var å snakke med foreldra og be dei om å ikkje snakke negativt om skulen eller læarar.

Når det gjeld om det at ein lærar må ta tak i masse ulike problem gjorde fimen om Robin inntrykk. Det var faktisk rett før tårene rant, og eg kan ikkje forstå at rektoren ikkje ville kalla det for mobbing. At Robin faktisk måtte flytte til ein ny skule fordi dei ikkje ville ta tak i problemet synes eg er oppsiktsvekkande. Eg blei heldigvis letta då han trives på den nye skulen. Det er viktig som lærar å ta tak i slike problem lenge før det utviklar seg sånn som med Robin. Det skal være klart for alle elevar og lærarar at slikt blir ikkje tolerert! Og det er faktisk brot på låva å ikkje ta tak i slike saker.

2 kommentarer:

Mariann Habbestad sa...

Hei hei:)
Kjekt å lesa dine tanker frå timen om å leia basisgruppa. Eg blei like forskrekka som deg over filmen om Robin. Men kva trur du lærar/foreldre/elevar kan gjera betre for å stoppa mobbing i skulen?

Mona H sa...

Eg trur det er viktig at læraren frå dag 1 gjer det klart for elevane at mobbing ikkje er tolerert! Og dersom læraren merkar tegn til mobbing, bør læraren ta tak med ein gong. Det er ikkje alltid like lett å oppdage mobbing.Læraren bør difor vera flink til å observere og samtale med kvar enkelt elev, da blir det lettare og finne desse tegna og gjera noko med det.
Foreldra burde også ha ein samtale med sitt barn om mobbing. Og kontakte lærar og skule dersom barne deiras blir mobba.