
Det som kanskje festa meg mest med denne økta var om alle oppgåvene som lærarar har. Eg har jo alltid ville blitt lærar, men ikkje tenkt så mykje over alt ein lærar må halde styr på og ta stilling til. Det er mange som har sagt at vist eg gjekk denne vegen så vil eg få masse fri og lange feriar. Men det er jo ikkj slik i det heile. Som birgit sa så var det å henta seg inn igjen på begynnelsen av ferien og i slutten så er det planlegging av ein nytt år. Ein eg kjenner synest at eg burde ha gått ein anna veg på grunn av gode karakterar og kanskje valgt noko vansklegare enn å bli lærar. Eg blir rett og slett provosert! Det er frytelig mykje ein lærar må ta stilling til. Det er kanskje den viktigaste jobben i verda. lærarar er jo med på å oppdra borna ilag med foreldra. Det er ein utrulig viktig jobb, men det er sikkert ikkje lett! Lærarar idag har eit enormt ansvar og eg håpar eg er klar til å takle dette når eg er ferdig utdanna lærar.
Birgit gikk meir inn på omsorgsarbeidet( den "utvida lærarrolla") noko som eg synes er eit veldig interresant tema. Men eg veit ikkje korleis eg hadde klart å takle det visst ein av mine elevar hadde opplevd omsorgssvikt eller liknande. Det håpar eg vi vil gå meir innpå etterkvart, for det vil eg lære meir om!
Til slutt viste Birgit oss korleis vi skulle bli gode nettjegarar! Ho viste oss mange gode nettsider, og mange har eg lagt til som favorittar. Spesielt likte eg google earth! Eg har alltid vore ein god nettjegar, men med Birgit sine tips har eg lært å bli enda bedre!
1 kommentar:
Hei Mona, og takk for kommentar!
Eg synes du har fått med deg det viktigaste ifrå økta, du verkar reflektert. Er så enig med deg i at ein lærar har mange oppgåver og stort ansvar. Me får ta det som ein utfordring!:) Og dette med omsorgsarbeidet trur eg vil komme etter kvart, men eg vonar som du at me går meir inn på det. Flott skreve!
Legg inn en kommentar