Ragnhild heiter ho, ei lærarinne eg hadde frå første til sjuande klasse. Ho var tanta til besteveninna mi og nesten naboen min. Eg hadde ei fantastisk tid på barneskulen, mykje takka denne læraren.
Ho hadde langt stritt brunt hår og ho lukta alltid som blomar. Kleda bestod for de meste av lange genserar og svarte bukser, og ho hadde også alltid eit fint smykke rundt halsen. Ho hadde alltid eit smil på lur og greidde å engasjere oss! Men det som gjer at denne læraren er så spesiell er den fantastiske eigenskapen ho har med å få alle til å føle seg spesiell. Ho hadde ingen ”favorittar” men fekk oss til å føle at ho verkeleg brydde seg om kvar og ein av oss. Ho fekk ein slags nærkontakt med oss som eg aldrig har oppleve i seinare tid.
Ho var ein utruleg kjekk lærar, men kunne ta fram den strenge tonen når det trongst. Eit ganske effektivt system ho hadde på å skjerpe konsentrasjonen vår var å gi oss stjerner på tavla etter kor flinke vi var. Vi sat fire stykker i grupper og det blei stor konkurranse om å få mest stjerner.
Det er ikkje tvil om at denne læraren er den beste eg har hatt! Det var mykje song og leik i timane. Dessutan hadde ho med kake kvar gong nokon i klassen hadde bursdag. Det er alltid kjekt å få litt ekstra oppmerksomhet iblant, og det var ho flink til å gi!
På avslutningsfesten i sjuande klasse grein ho så tårene rant. Det gjorde forresten eg og! Det var så utrolig trist at det var siste dag eg hadde ho som lærar.
Ho hadde laga i stand eit fotoalbum til kvar og ein i klassen der det var bilete (og sjølvportrett) fra første klasse og oppover. Det vart eg veldig glad for. Men det var ikkje det siste me fekk sjå av ho, ho møtte også opp i kyrkja i konfirmasjonen vår og gav pengegåve til alle!
Eg snakka med Ragnhild seinast no i sommar. Ho er strålande fornøgd med at eg har valt å bli lærar! Eg kan ikkje sei heilt sikkert at eg hadde valt å gå denne vegen visst eg ikkje hadde hatt ein lærar som Ragnhild. Ho er ein stor inspirasjon og eg kjem aldrig til å gløyme ho!

5 kommentarer:
Det var ei rørande skildring du har laga av den flotte læraren din på barneskulen... Det er utruleg kor godt ein kan hugsa dei minste detaljar rundt personar som betyr mykje for oss. Du har eit godt førebilete å sjå til i høve til di eiga lærarrolla, Mona...
Birgit :-)
Gud så kjekk hun hørtes ut! Jeg vil også ha en sånn, eller enda bedre, BLI en sånn.
Oj, skulle ønske jeg hadde hatt en sånn lærer på barneskolen... Det var ikke før på ungdomskolen jeg starta å like lærerene mine (eller at de likte meg er vel en litt bedre måte å si det på...) Hu vi hadde fra 1-4 klasse, (blir jo bare 3 år, siden vi "hoppa" over 3dje) peila seg ut noen favoritter, som hu forguda. Oss andre mobba hu værre, og kan ærlig si at det var de værste åra i livet mitt. Hu er IKKE lærer lenger,for å si det sånn, TAKK OG LOV.
Men da vet jo jeg veldig godt hva jeg IKKE skal gjøre da, og hvordan lærer jeg ikke skal bli...
Kjekt for deg (og resten av klassen)at dåke hadde ei så kjekke lærar:)Du har litt å leva opp til no då... :)
Hei Mona!
Det høres ut som om at du har hatt en trygg og god skoletid i barndommen.
Det er nok viktig å kunne føle seg tatt vare på når en er på skolen. Også dette at elevene individuelt føler seg unik, er viktig. Alle mennesker har en eller flere gode egenskaper.
I hverdagen så er det lett å peke på alt det negative. La denne læreren være et forbilde; ikke bare for deg, Mona - men for alle som leser innlegget ditt :)
Legg inn en kommentar