torsdag 23. august 2007

Kvifor lærar og kvifor hsh?

Det at eg skulle bli lærar har alltid vore eit mål hos meg. Heilt sida eg var lita og begynte på skulen fant eg ut at det var det eg skulle bli. Eg lærte vetlebror min å rekne før han byrja på skulen, og når han begynte på skulen likte eg godt å hjelpe han med leksene. Når eg leikte med dukker laga eg miniatyr skulebøker og leikte skule med dukkene mine.
Eg fann da ut at eg ville jobba med folk og læra ifra meg noke. Det måtte vera den optimale jobben!

Eg hadde ein lærar på barneskulen og ho har vore med å inspirert med til å velge læraryrket. Det som var så spesielt med ho var at ho brydde seg om kvar enkelt elev og var utruleg flink å lære fra seg. Det er vel av desse grunnane at eg valgte å gå denne vegen.

Då eg skulle søke på hsh var det ikkje så lett å velge kva slags lærar studie som var best for meg.Det stod mellom faglærar og almennlærar. Men eg valgte almennlærar og det angrar eg ikkje på! Eg storkosar meg og gledar med til å fortsette!

Grunnen til at eg valgte hsh er ganske enkel. Eg ville rett og slett gå på den skulen som var nermast heime (altså kvinnherad). Og sidan typen min hadde ein leilighet her på stord så var det endo ein god grunn til å gå på hsh. Eg har og prata med fleire som har gått på skulen før, og dei har berre snakka positivt om skulen.

Det er altså av desse grunnar at eg valgte lærarutdanninga og hsh. Eg angrar ikkje på det!

2 kommentarer:

Franny Maria sa...

Heisann Mona:)
Kjekt å lesa det du har skreve, eg er veldig glad for at du tok dette studiet:)
Du er ei trivleg jente, og eg håper me kjem til å bli betre kjent!

-Franny

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Heisan...

Eg har i alle fall aldri angra på at eg vart lærar, det er ein svært givande jobb, der ingen arbeidsdag er lik. Så kjekt å lesa at det er ein lærar du sjølv har hatt på skulen som har inspirert deg til å velja denne yrkesvegen. Flott at du har høyrt positive ting om skulen, og at du kjenner at du har gjort eit godt val...

Birgit :-)