torsdag 31. januar 2008

Motivasjon (28.02.01)

Økta i dag vart ikkje heilt som planlagt. Me skulle eigentleg ha ei forelesing om motivasjon, men i staden valde me å gjennomføra eit opplegg som me kan bruka i skulen. Opplegget gjekk ut på å skummlesa eit stoff og snakke saman to og to, for så å gå i grupper på fire for å skrive spørsmål om stoffet. Dette er ein måte å læra eit stoff skikkelig på.

Det vart litt rotete på grunn av mange som ikkje hadde boka med seg, gruppeinndeling osv. Eg trur det hadde gått betre dersom me hadde fått beskjed på fronter om opplegget. Me fekk lest om motivasjon og laga oppgåver, men eg følte eigentleg at eg ikkje fekk så mykje ut av det. Det trur eg kan ha med å gjera at det var ein heilt ny arbeidsmetode for meg. Ikkje er eg så veldig flink å skummlese eit stoff heller, eg likar å ”få det inn med teskei”. Der har eg noko å trene på :) Men eg synes det er flott at me får lære om andre arbeidsmetodar sjølv om denne arbeidsmetoden ikkje fungerte så godt for meg. Det er greitt å ha vore innom fleire arbeidsmetodar når ein skal bli lærar.

Etterpå såg me ein skrekkeleg dokumentar om ein mann som utnytta unge jenter. Eg vart nesten dårleg av å sjå på. Eg skulle ønske jentene hadde vitna i saken slik at mannen hadde fått ei strengare straff.

Revidert 14.04.08

Ei av dei viktigaste oppgåva til lærararane er å motivere elevane til å ville læra.
Når me snakkar om motivasjon kan me skilje mellom indre og ytre motivasjon. Dersom ein person gjer ein aktivitet bare på grunn av interesse er det snakk om indre motivasjon. Ytre motivasjon er når belønning er det som driv personen til aktiviteten.
Dette har eg ikkje tenkt så mykje på før, men eg kan kjenne meg igjen i dette.

Det finst ulike måtar å sjå motivasjon på; behavioristisk syn, kognitivt syn og humanistisk syn. Behavioristisk syn legg mykje vekt på dette med straff og belønning. For eksempel kan karakterar vera ei form for belønning. Men denne motivasjonen blir berre styrt mot belønninga (ytre motivasjon) og ikkje for aktiviteten si skuld. Kognitivt syn i følgje Imsen, legg vekt på korleis tankane våre bidrar til å forme motivasjon. Piaget meinar at mennesket er meiningssøkjande, at det er trangen til å forstå noko som fører til læring. Forventningar og verdiar har og noko å seia for motivasjon.
Det humanistiske synet legg vekt på at mennesket er sjølvstendig og fridomssøkjande der alle sider av personlegdommen gjer sitt for å skapa motivasjon.
Maslows har også eit syn på motivasjon. Han meinar grunnlaget for motivasjon bygger på fem grunleggjande behov der samspelet mellom desse er viktig. (Maslows behovshierarki)

Motivasjon er eit interessant tema, men det er kanskje litt tungt stoff. Når det gjeld meg sjølv som motivatør trur eg at eg kjem til å støte på mange utfordringar når eg sjølv skal undervise. Det å ”nå ut” til alle elevane i ein klasse er ikkje lett. Men eg vil tenkje på å det å vera engasjert sjølv når eg underviser. Eg pleier sjølv å bli motivert dersom læraren min er skikkelig engasjert i det han/ho underviser i. Det ”smittar” liksom over på meg. Då blir eg interessert i temaet og får indre motivasjon til å jobba vidare med stoffet.

Eg trur at indre motivasjon er lettare å halda ved like, enn ytre motivasjon som kanskje sluttar nå ein har fått belønninga. Eg trur det er noko eg vil ha i bakhovudet når eg underviser.

Det med variert undervisning er nok også viktig. Dersom ein held seg til ei undervisningsform vil ein bare få med seg dei same elevane heile tida. Men vist ein varierer så vil ein til slutt nå ut til alle, trur eg.

Der er mange ting som kan spele inn for at elevane skal bli motiverte. Men ein ting til eg trur er veldig viktig er å forvente noko av elevane. Ein må sette krav til dei, men det må vera krav som dei veit dei kan oppnå. Dersom eg skulle rose ein elev uansett kor bra eleven gjer det, vil eleven tolke det som at eg ikkje har nokon forventningar til han. Då vil eleven ikkje har forventningar til seg sjølv heller, og det er ikkje bra. Eleven må føle at dette er noko han skal klare. Når han har klart det vil han få meistringsfølelse og dermed bli endå meir motivert til å setje i gong med neste oppgåve.

Revidert 23.04.08

A-motivasjon eller lært hjelpeløshet er det mange elevar som slit med. Dei opplever at skulen er for lite tilpassa forutsetningane deira. Dei føler at dei prøver og prøver utan å få det til.

Eg fant ein artikkel på http://www.elevsiden.no/motivasjon/1098312792 der eg synes det stod mykje bra om elevar som slit med A-motivasjon. Til kva ein kan gjera for å hjelpe slike elevar stod det på denne sida at tilpassa opplæring var det første som måtte skje. Dette er eg meget einig i. Eleven må få faglige og sosiale utfordringar på sitt nivå, og dette gjeld forsåvidt for alle elevar. Det som er "cluet" her trur eg, er å få eleven til å føle at han kan meistra noko. Då vil eleven sjå at det nyttar å gjera ein innsats. Eg trur også at det kanskje kan lønna seg å ty til ytre motivasjon i denne samanheng. Då desse elevane lett mister interessen. Etter kvart som eleven vil får meistringsopplevingar vil eleven kanskje få ein indre motivasjon?
Hjelp og støtte frå både elevar og lærarar trur eg og er viktig. Ein ting til som stod på denne sida er at eleven må føle at han har kontroll og innflytelse i sin eigen kvardag. Det trur eg er viktig.
Uansett ser eg problemet. Desse elevane "øydelegg" for andre og for seg sjølv og det må me som lærarar ta tak i og gjera noko med.

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Korleis økta skulle vera fekk de jo velja sjølv?! Var du ikkje einig i fleirtalet sitt val? Eg trur ellers at "rotet" du fekk kjensla av, kjem av at det var ein ukjend arbeidsmetode, som de ikkje var vant med, og som gjekk på tvers av klassane, gjerne?! Det å få innsikt i og prøva ut litt ulike arbeidsmetodar og vinklingar på fagstoffet, er viktig for den "eksemplariske" undervisinga som vi har bestemt at vi skal driva med.
Men eg må jo spørja deg litt i høve til det du faktisk las. Kva er skilnaden mellom ytre og indre motivasjon? Kan du kopla teoriane om motivasjon til læringsteoriane du har hatt om? Kva tankar gjer du deg i høve til Maslow og behovshierarkiet hans? Og kva utfordringar trur du at du vil møta i høve til di eiga rolle som motivator? Det var den ilden ein skulle tenna då...?

Når det gjeld sikker chat konsulenten frå dokumentaren, så har eg straffa for han klar, men den eignar seg ikkje på trykk!

Birgit :-)

Aashild Dalen Veivåg sa...

Kanskje det var eit viktig poeng å få fram at det faktisk er svært vanskeleg å organisera gruppearbeid som skal aktivisera alle? Det vart laga ein del arbeidsoppgåver som no ligg klar på Fronter.