onsdag 16. januar 2008

2. Praksisperiode

Eg viste ikkje at me skulle skrive om 2. praksisperiode i bloggen, derfor kjem den litt seint. ;) Sia det er lenge sida praksisperioden, limer eg bare inn refleksjonsnotatet frå praksismappa:

Då var andre praksisperiode overstått og eg har ikkje tatt skrekken enda. Eg sit igjen med mange inntrykk og føler eg er komen et steg nærare å bli lærar. Praksisgruppa vår har støtt på mangen utfordringar og det har våre vanskelig til tider, men mest lærerikt. Eg føler eg har lært mykje meir om det å vera lærar, og korleis ein skal undervisa.

Når det gjeld før-rettleiing er eg ganske fornøgd. Før praksis hadde me møte på langeland skule med praksislærarane. Me fekk oppleve det å jobbe i team og det gjorde det lettare å planlegge undervisning. Både vår praksisgruppe og den andre gruppa på 5- trinnet jobba ilag, sjølv om vi kjørte litt ulik undervisning når det gjaldt enkelte fag.
Først møttest 5-klasse teamet der me fekk utdelt bøker og diskutert det me allereie hadde planlagt. Me fekk veta kva for fag som var aktuelle å undervise i, og kva tema me skulle ha om. Ei undervisningsøkt i Krl, norsk og matematikk var obligatorisk. Men me kunne elles boltre oss om me var interesserte.
Første veke konsentrerte me oss om å få unnagjort det obligatoriske, andre veke fekk me velje kva for timar me ville ha. Eg hadde blant anna ein time med teikning.

Etter kvar skuledag satt me oss ned ilag med praksislærar og diskuterte korleis dagen hadde våre. Der fekk me koma med innspel først og så kommenterte praksislærar. Det var god trening for oss der vi fekk øvd på det å vera kritisk ven.
Me fekk alle både positiv respons og negativ respons (konstruktiv kritikk). Det var viktig. Å få positiv respons gjor at me alle følte meistringsfølelse, og negativ respons gjor at me viste kva me kunne gjera annleis til neste gong.

Siste dagen i praksisperioden tok praksislærar ein individuell samtale med oss. Det var kjekt å høyre kva han hadde å seie om oss. Det var for det meste positiv tilbakemelding og han vil i neste periode gå meir inn på korleis vi skal forbetre oss. Eg gler meg til neste periode, då kan eg bli enda flinkare å undervise!




Revidert 27.04.08



Når det gjeld matematikk pedagogikk opplegget vart dette gjennomført som mi første undervisningsøkt. Om dette var så lurt kan ein vel diskutera, men eg lærte mykje av det. Me hadde valt å gjennomføra eit opplegg der me hadde to og to stasjonar som elevane rulerte på etter halve tida var gått. Me skulle innføre geometri der elevane skulle bli kjent med sentrale figurar, og eigenskapane deira. På min stasjon skulle elevane sitje to og to og jobbe ilag. Den eine skulle forklare ein teikning (Ein figur av geometriske former) medan den andre skulle prøve å få dette ned på papiret. Det som var viktig her var at dei ikkje fekk lov til å sjå på kvarandre, men bare bruke kommunikasjon som hjelpemiddel. Poenget med denne stasjonen var at dei skulle øve seg på å bruke geometriske utrykk som ville gje dei ein betre forståing for eigenskapane til figurane.



Når det gjeld undersøkelseslandskap ville eg i tillegg til dette gå rundt og prøve å stille "gode" spørsmål. Spørsmål der eg prøvde å få eleven til å tenka sjølv uten at eg la svaret i munnen på eleven. Dette følte eg fungerte veldig greit eigentleg, då eg hadde forberedt nokre spørsmål på forhand! :)



Eg gjorde ein del småfeil i denne økta, som å gløyme og dele ut ark og slike ting. Dette gjorde at det vart litt uro inn i mellom. Sett bort i fra det synes eg at det var kjekt å gjennomføre opplegget mitt! :)

Ingen kommentarer: