
Eg hadde gløymd pc, og måtte låne meg ein på ikt hjelp. Det oppstod problem som gjorde at eg ikkje kunne laste ned desse programma, så eg måtte sjå med Rebekka på hennes pc.
Det var veldig kjekke program, og me fekk prøve oss litt på cartoonist og pivot. Eg har ikkje satt meg skikkelig inn i dei andre programma enda, men har lasta dei ned på pcen min. Eg skal sjå nermare på dei når eg skal planlegge oppgåva ”samansatt tekst”.
Elles så synes eg det er utruleg flotte program med mange moglegheitar. Kanskje me kan bruke nokre av desse i praksis? Det hadde vore kjekt. I vår praksisklasse har dei ikkje hatt så mykje arbeid på pc, så eg trur det kunne våre heilt topp å brukt f.eks pivot i ei økt.
Revidert 23.04.08

I høve til den samansatte teksten brukte me to av desse programma: Pivot og movie maker. Dette er to veldig kjekke program som er enkle å bruka. Eg var på gruppa med Ida og me valde boka ”pippi går til sjøs” av Astrid lindgren. Me fekk tillatelse til å bruka framsida på boka så det var flott. Elles valde me å gjera mest mogleg sjølv. Derfor har me sjølvlaga bileter og song! Det var ei ganske tidkrevjande oppgåva men me hadde det utrulig kjekt undervegs.
Desverre fekk me ikkje brukt nokre av desse programma då me var i praksis, men me viste fram dei samansatte tekstane våre.

ovanfor er ein av dei første animasjonane er lagde i pivot.
Her er min pippifigur som me brukte
i den samansatte teksten vår!:)
1 kommentar:
Hei Mona,
Eg skal sei du har vore flink å blogga! No er det berre for meg å kommentera:)
Eg hadde som deg, lånt pc på IKT, så me hadde samme problem. Men me fekk prøvd til slutt, og eg er enig i at det var kjekke program. Me har allereie byrja å bruka nokre av dei i den "samansatt tekst"- oppgåva. Eg er open for å prøva ut nokre program når me skal i praksis, må berre øva meg sjølv først! Keep up the good work!! :)
Legg inn en kommentar