Denne måndagen hadde me om collage i photoshop og animasjon i datalabben. Det var ei kjekk økt, bortsett i frå at det gjekk litt for fort i svingane. Me skulle lage ein collage, der dei tre beste vil bli hengt på veggen.
Nedanfor er min plakat.
Så skulle me laga ein animasjon som me kan ha i bloggen. Eg har våre litt bort i photoshop før på formgiving, og skulle ønske me kunne hatt meir om det. Det er så mykje ein kan gjere i photoshop. Eg håpar me skal lære meir om slike program!

Dette med digitale verktøy synes eg er relevant å kunne noko om når ein skal bli lærar. For eksempel nytta me photoshop då eg gjekk på formgiving. Ein kan gjera så mykje meir med eit bilete dersom ein nyttar eit slikt program. Eg trur ikkje det hadde lønna seg å prøvd å lære elevar på barneskulen å bruke photoshop, då dette hadde blitt alt for komplisert. Men frå læraren si side kan ein slå seg heilt laus meg slike program. La oss seia at ein klasse har vore på tur og så har læraren tatt mange bileter og laga ein kollage og hengt det opp i klasserommet. Det kan vera ein måte å nytte eit slikt program på!
Animasjon derimot trur eg absolutt ein kan læra vekk til elevane. Dette er noko dei garantert vil syntes er kjekt. Elevar no til dags skal ha kunnskap om ikt og då kan det vera kjekt å la dei få jobba med slike ting av og til.
At læraren kan litt om animasjon og bilethansaming trur eg bare vil vera med å "krydra" kvardagen. :)
3 kommentarer:
Hei Mona!
Endelig noko å kommentera i bloggen din :)
Enig med deg at det var ei kjekk økt med photoshop og animasjon, men eg og synest det var litt mykje å lære på litt for kort tid. Vonar som du at me får lære meir om det!
Hei, Mona...
Om de ynskjer det på eit seinare tidspunkt, kan vi alltids samlast ein "gjeng" på datalabben og gjera meir bilethandsaming m.m.
Birgit :-)
Det hadde vore kjekt! :)
Legg inn en kommentar