onsdag 16. januar 2008

Planlegging til punktpraksis (14.01.08)

Denne dagen fekk me bruka til å planlegge opplegget til punktpraksis, som er neste tysdag.
Opplegget skal gå ut på bruk av ikt.

Det har vore litt problem når det gjeld kva for opplegg me skulle lage til tysdagen. Eg har ikkje heilt skjønt korleis me skulle gjera dette her. Sist veke då me var ein dag på langeland for å sjå når elevane brukte pc hjalp ikkje noko særlig. Praksislærar hadde ikkje fått noko informasjon så han viste ingenting. Men heldigvis fekk me eit litt klårare svar av Birgit. Då var det mykje lettare å planlegge.

Me bestemte oss for å jobbe ilag med den andre praksisgruppa på 5.trinnet. Det var den beste løysinga, sia det er begrensa med pc-ar.
Me valte å dele oss inn i 3 ulike stasjonar. Eg, Kari og Ida skal ta for oss dette med tekstredigering. Det passa fint med dei måla 5.klasse skal nå når det gjeld bruk av ikt.

På slutten av dagen samla me oss og fekk høyre kva alle gruppene har planglagt å gjere på tysdag. Det var kjekt å høyre kva dei andre hadde tenkt. Så valte me ut dei 10 beste plakatane som me lagde for ei stund sia. Det var mange fine plakatar, også kjekt at min var blant dei 10 J
Det var kjekt å nytte denne dagen til planlegging og det skal bli spanande å få prøvd ut opplegget på tysdag.

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Ja, det blir ein spanande dag... Eg ynskjer dykk lukke til, og om det er noko som er uklart på førehand, så ikkje nøl med å ta kontakt...

Birgit :-)

Kari sa...

Flott plakat, Mona!

Det er alltid litt vanskeleg i byrjinga av arbeidet med å planleggje ei ny økt, men eg synes me har fått til eit bra opplegg! Me fann ut av det til slutt..! Det verka som om øvingslærarane var fornøydd og, då me var ute og viste det til dei:)
Kari :)