mandag 28. januar 2008

Punktpraksis 22.01.08

Ja då har me fått gjennomført opplegget vårt i praksis og eg må sei eg vart fornøgd! Opplegget (som står i førre innlegg) passa perfekt med tida og det var akkurat passe med oppgåver til elevane.

Sia me hadde tre grupper som rulerte på stasjonane fekk alle på gruppa vår (eg, Kari og Ida) prøva seg som hovudansvarleg for stasjonen. Det fungerte godt at ein stod framme og viste på storskjerm medan dei to andre sprang rundt og hjalp elevane når dei trengde det. I tillegg til dette hadde me alltid med oss ein av øvingslærarane elle Inge.

Det er ikkje så mykje negativt eg kjem på å sei om økta, det einaste må vera at det blei litt bråkete av og til på den felles gjennomgangen me hadde i byrjinga av opplegget. Dette skuldast at det var nokre små tekniske problem (ein pc som ikkje ville slå seg på osv) Men då elevane skulle jobbe for seg sjølv blei det heilt stille og alle jobba godt.
Eg trur elevane lærte mykje av denne økta og det var tydeleg at dei synes det var kjekt. Det gjorde at me koste oss og!

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Så kjekt at det vart sånn ei positiv oppleving, Mona. De må samla på sånne "gyldne augneblink" og ta dei fram på ein "rainy day"...

Birgit :-)

Kari sa...

Hei Mona!
Det er visst deg eg skal kommentere framleis :) No er jo me på same gruppe, så i høve til det du skriv om her, må eg berre sei meg enig i at det vart ei vellukka økt! Kjem ikkje på noko "kritisk" å skriva til deg, eg! ;D