Dette var første økta me hadde etter nyttår! Økta handla om born og nye medier. Om nettvett, og reglar om å bruka noko som andre har laga. Det var veldig lærerikt og interessant å lære om dette.
Eg meinar at dette med nettvett burde tas meir opp i skulen. Eg har aldrig hatt noko om dette i skulen, og heime har me hatt pc sia eg gjekk i sjuande klasse. Eg chatta med all slags folk og synas det var spanande og kjekt. Ikkje tenkte eg på at dei eg snakka kunne vera nokon andre enn det dei utga seg for å vera. Eg og ei veninne gav til og med ut telefonnummeret vårt til ein gut på ca 17 år (trur me). Då gjekk me i 8 klasse. Det var kjempe spanande, og heldigvis for oss hadde ikkje guten vonde intensjonar. Me var nysgjerrige, og det er klart at ungane nå til dags er det også! Her har både foreldre og skulen ein jobb å gjera.
Det som Ane kom med om chatting var sjokkerande. Ho hadde chatta på sol.no der ho utga seg for å vera "Linn", og det kom mange ufine meldingar til ho. Eg viste at det var mange "ekle" menn på slike stadar, men at det var så gale viste eg ikkje.
Birgit snakka litt om fakta om chatting, og det at heile 60 prosent av barna ikkje ville sagt ifrå til foreldra dersom noko ubehagelig har skjedd, er rystande! Foreldrene burde bli flinkare til å følgje med på kva ungane deira held på med, og våga å snakka med dei om ”farene” med å bruka internett. Det er synd dersom ungane i dag må lære om nettvett gjennom eigne erfaringar.
Når det gjeld dette med fusk og fanteri, har eg heller aldrig lært noko om dette på skulen. Ikkje før eg kom på HSH. Åndsverklova er ei viktig lov som eg skal bli flinkare til å følgje. Eg håpar det skal gå greitt, sjølv om det kan bli litt tungvint og heile tida spørje om løyve til å bruke det andre har laga. Elles synes eg det er flott at me lærar om kva som er lov og ikkje når det gjeld å bruke noko som andre har laga, og meinar at alle skular burde bli meir opptatt av dette.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei Mona!
Trudde dette med nettvett var kjent for de unge, men det er tydelegvis feil.. Det er godt at me får moglegheit til å ta dette opp med elevane når me no skal ut i punktpraksis!
Synest du har fått med deg dei viktige punkta frå denne økta, og er einig med deg i at både heim og skule har ein jobb og gjera når det gjeld nettvett, tryggleik, lovar og reglar. Det er viktig at me som lærarstudentar sett oss godt inn i dette og går føre som gode eksempel :)
Legg inn en kommentar