lørdag 29. mars 2008

Sjølvbilete og attribusjonsteori (04.02.08)

Denne dagen handla økta om sjølvbilete og attribusjonsteori. Her fekk me først sjå ein powerpoint og så jobba me i grupper (kontrovers) Først skulle me diskutere to og to, for så å setje oss saman i ei gruppe på fire og argumentere. Emne me skulle diskutere var: ”Den norske skulen har eit kjønnsproblem”.

Sjølvbilete handlar om identitet og korleis me oppfattar oss sjølv. Me kan dele ”sjølvet” inn i ”meg” og ”eg”. ”meg” er bevisst og fungerar som obsarvatør, medan ”eg” er ubevisst. Når me registrerer det ubevisste er det eit minne. Heile 90% av det ein gjer er ubevisst. Det er ikkje mogleg å vere obs på alt ein gjer, det er eg veldig glad for. Då hadde eg blitt gal trur eg :-)

Noko som fengja meg med denne økta var dette med at gutar og jenter tolkar suksess så forskjellig. Gutar tolkar suksess med at dei er flinke (indre årsaker) medan jenter tolkar det som at det er flaks (ytre årsaker). Når det gjeld nederlag tolkar gutar det som uflaks (ytre årsaker) medan jenter tolkar der som manglande evner (indre årsaker). Det kan forklarast med tradisjonelle kjønnsroller. Dersom der ikkje er forventa at jenter ikkje skal vera flinke i realfag, vil dei ikkje forvente at dei skal vera flinke heller. Men heldigvis finnes det unntak. Men eg kan kjenne meg igjen i dette, spesielt då er var yngre.

Eg veit ikkje om den norske skulen har eit kjønnsproblem, men det er i allefald ein skilnad mellom kjønna. Og det er vel og bra det men jenter burde ha like god sjølvtillit som gutar, meinar eg.
Kanskje kan skulen gjera noko for å auka sjølvtilliten hos jenter? Skulen burde kanskje legga meir vekt på å snu denne ”trenden” .

Eg trur forventningane til elevane frå læraren spelar ei rolle. Det er viktig å gi ros og støtte til alle elevane og gi dei forventningar slik at dei har tru på evnene sine.

Elles synes eg dette er eit spanande emne, sjølv om stoffet kanskje kan vera litt tungt. Eg må nok repitera det fleire gonger :-)

Ingen kommentarer: