torsdag 31. januar 2008

Motivasjon (28.02.01)

Økta i dag vart ikkje heilt som planlagt. Me skulle eigentleg ha ei forelesing om motivasjon, men i staden valde me å gjennomføra eit opplegg som me kan bruka i skulen. Opplegget gjekk ut på å skummlesa eit stoff og snakke saman to og to, for så å gå i grupper på fire for å skrive spørsmål om stoffet. Dette er ein måte å læra eit stoff skikkelig på.

Det vart litt rotete på grunn av mange som ikkje hadde boka med seg, gruppeinndeling osv. Eg trur det hadde gått betre dersom me hadde fått beskjed på fronter om opplegget. Me fekk lest om motivasjon og laga oppgåver, men eg følte eigentleg at eg ikkje fekk så mykje ut av det. Det trur eg kan ha med å gjera at det var ein heilt ny arbeidsmetode for meg. Ikkje er eg så veldig flink å skummlese eit stoff heller, eg likar å ”få det inn med teskei”. Der har eg noko å trene på :) Men eg synes det er flott at me får lære om andre arbeidsmetodar sjølv om denne arbeidsmetoden ikkje fungerte så godt for meg. Det er greitt å ha vore innom fleire arbeidsmetodar når ein skal bli lærar.

Etterpå såg me ein skrekkeleg dokumentar om ein mann som utnytta unge jenter. Eg vart nesten dårleg av å sjå på. Eg skulle ønske jentene hadde vitna i saken slik at mannen hadde fått ei strengare straff.

Revidert 14.04.08

Ei av dei viktigaste oppgåva til lærararane er å motivere elevane til å ville læra.
Når me snakkar om motivasjon kan me skilje mellom indre og ytre motivasjon. Dersom ein person gjer ein aktivitet bare på grunn av interesse er det snakk om indre motivasjon. Ytre motivasjon er når belønning er det som driv personen til aktiviteten.
Dette har eg ikkje tenkt så mykje på før, men eg kan kjenne meg igjen i dette.

Det finst ulike måtar å sjå motivasjon på; behavioristisk syn, kognitivt syn og humanistisk syn. Behavioristisk syn legg mykje vekt på dette med straff og belønning. For eksempel kan karakterar vera ei form for belønning. Men denne motivasjonen blir berre styrt mot belønninga (ytre motivasjon) og ikkje for aktiviteten si skuld. Kognitivt syn i følgje Imsen, legg vekt på korleis tankane våre bidrar til å forme motivasjon. Piaget meinar at mennesket er meiningssøkjande, at det er trangen til å forstå noko som fører til læring. Forventningar og verdiar har og noko å seia for motivasjon.
Det humanistiske synet legg vekt på at mennesket er sjølvstendig og fridomssøkjande der alle sider av personlegdommen gjer sitt for å skapa motivasjon.
Maslows har også eit syn på motivasjon. Han meinar grunnlaget for motivasjon bygger på fem grunleggjande behov der samspelet mellom desse er viktig. (Maslows behovshierarki)

Motivasjon er eit interessant tema, men det er kanskje litt tungt stoff. Når det gjeld meg sjølv som motivatør trur eg at eg kjem til å støte på mange utfordringar når eg sjølv skal undervise. Det å ”nå ut” til alle elevane i ein klasse er ikkje lett. Men eg vil tenkje på å det å vera engasjert sjølv når eg underviser. Eg pleier sjølv å bli motivert dersom læraren min er skikkelig engasjert i det han/ho underviser i. Det ”smittar” liksom over på meg. Då blir eg interessert i temaet og får indre motivasjon til å jobba vidare med stoffet.

Eg trur at indre motivasjon er lettare å halda ved like, enn ytre motivasjon som kanskje sluttar nå ein har fått belønninga. Eg trur det er noko eg vil ha i bakhovudet når eg underviser.

Det med variert undervisning er nok også viktig. Dersom ein held seg til ei undervisningsform vil ein bare få med seg dei same elevane heile tida. Men vist ein varierer så vil ein til slutt nå ut til alle, trur eg.

Der er mange ting som kan spele inn for at elevane skal bli motiverte. Men ein ting til eg trur er veldig viktig er å forvente noko av elevane. Ein må sette krav til dei, men det må vera krav som dei veit dei kan oppnå. Dersom eg skulle rose ein elev uansett kor bra eleven gjer det, vil eleven tolke det som at eg ikkje har nokon forventningar til han. Då vil eleven ikkje har forventningar til seg sjølv heller, og det er ikkje bra. Eleven må føle at dette er noko han skal klare. Når han har klart det vil han få meistringsfølelse og dermed bli endå meir motivert til å setje i gong med neste oppgåve.

Revidert 23.04.08

A-motivasjon eller lært hjelpeløshet er det mange elevar som slit med. Dei opplever at skulen er for lite tilpassa forutsetningane deira. Dei føler at dei prøver og prøver utan å få det til.

Eg fant ein artikkel på http://www.elevsiden.no/motivasjon/1098312792 der eg synes det stod mykje bra om elevar som slit med A-motivasjon. Til kva ein kan gjera for å hjelpe slike elevar stod det på denne sida at tilpassa opplæring var det første som måtte skje. Dette er eg meget einig i. Eleven må få faglige og sosiale utfordringar på sitt nivå, og dette gjeld forsåvidt for alle elevar. Det som er "cluet" her trur eg, er å få eleven til å føle at han kan meistra noko. Då vil eleven sjå at det nyttar å gjera ein innsats. Eg trur også at det kanskje kan lønna seg å ty til ytre motivasjon i denne samanheng. Då desse elevane lett mister interessen. Etter kvart som eleven vil får meistringsopplevingar vil eleven kanskje få ein indre motivasjon?
Hjelp og støtte frå både elevar og lærarar trur eg og er viktig. Ein ting til som stod på denne sida er at eleven må føle at han har kontroll og innflytelse i sin eigen kvardag. Det trur eg er viktig.
Uansett ser eg problemet. Desse elevane "øydelegg" for andre og for seg sjølv og det må me som lærarar ta tak i og gjera noko med.

mandag 28. januar 2008

Punktpraksis 22.01.08

Ja då har me fått gjennomført opplegget vårt i praksis og eg må sei eg vart fornøgd! Opplegget (som står i førre innlegg) passa perfekt med tida og det var akkurat passe med oppgåver til elevane.

Sia me hadde tre grupper som rulerte på stasjonane fekk alle på gruppa vår (eg, Kari og Ida) prøva seg som hovudansvarleg for stasjonen. Det fungerte godt at ein stod framme og viste på storskjerm medan dei to andre sprang rundt og hjalp elevane når dei trengde det. I tillegg til dette hadde me alltid med oss ein av øvingslærarane elle Inge.

Det er ikkje så mykje negativt eg kjem på å sei om økta, det einaste må vera at det blei litt bråkete av og til på den felles gjennomgangen me hadde i byrjinga av opplegget. Dette skuldast at det var nokre små tekniske problem (ein pc som ikkje ville slå seg på osv) Men då elevane skulle jobbe for seg sjølv blei det heilt stille og alle jobba godt.
Eg trur elevane lærte mykje av denne økta og det var tydeleg at dei synes det var kjekt. Det gjorde at me koste oss og!

onsdag 16. januar 2008

Planlegging til punktpraksis (14.01.08)

Denne dagen fekk me bruka til å planlegge opplegget til punktpraksis, som er neste tysdag.
Opplegget skal gå ut på bruk av ikt.

Det har vore litt problem når det gjeld kva for opplegg me skulle lage til tysdagen. Eg har ikkje heilt skjønt korleis me skulle gjera dette her. Sist veke då me var ein dag på langeland for å sjå når elevane brukte pc hjalp ikkje noko særlig. Praksislærar hadde ikkje fått noko informasjon så han viste ingenting. Men heldigvis fekk me eit litt klårare svar av Birgit. Då var det mykje lettare å planlegge.

Me bestemte oss for å jobbe ilag med den andre praksisgruppa på 5.trinnet. Det var den beste løysinga, sia det er begrensa med pc-ar.
Me valte å dele oss inn i 3 ulike stasjonar. Eg, Kari og Ida skal ta for oss dette med tekstredigering. Det passa fint med dei måla 5.klasse skal nå når det gjeld bruk av ikt.

På slutten av dagen samla me oss og fekk høyre kva alle gruppene har planglagt å gjere på tysdag. Det var kjekt å høyre kva dei andre hadde tenkt. Så valte me ut dei 10 beste plakatane som me lagde for ei stund sia. Det var mange fine plakatar, også kjekt at min var blant dei 10 J
Det var kjekt å nytte denne dagen til planlegging og det skal bli spanande å få prøvd ut opplegget på tysdag.

Photostory, Moviemaker, Cartoonist, og pivot (10.01.08)

Denne økta skulle me teste ut ulike program som me kan bruke til oppgåva ”samansatt tekst”.
Eg hadde gløymd pc, og måtte låne meg ein på ikt hjelp. Det oppstod problem som gjorde at eg ikkje kunne laste ned desse programma, så eg måtte sjå med Rebekka på hennes pc.

Det var veldig kjekke program, og me fekk prøve oss litt på cartoonist og pivot. Eg har ikkje satt meg skikkelig inn i dei andre programma enda, men har lasta dei ned på pcen min. Eg skal sjå nermare på dei når eg skal planlegge oppgåva ”samansatt tekst”.

Elles så synes eg det er utruleg flotte program med mange moglegheitar. Kanskje me kan bruke nokre av desse i praksis? Det hadde vore kjekt. I vår praksisklasse har dei ikkje hatt så mykje arbeid på pc, så eg trur det kunne våre heilt topp å brukt f.eks pivot i ei økt.

Revidert 23.04.08

I høve til den samansatte teksten brukte me to av desse programma: Pivot og movie maker. Dette er to veldig kjekke program som er enkle å bruka. Eg var på gruppa med Ida og me valde boka ”pippi går til sjøs” av Astrid lindgren. Me fekk tillatelse til å bruka framsida på boka så det var flott. Elles valde me å gjera mest mogleg sjølv. Derfor har me sjølvlaga bileter og song! Det var ei ganske tidkrevjande oppgåva men me hadde det utrulig kjekt undervegs.

Desverre fekk me ikkje brukt nokre av desse programma då me var i praksis, men me viste fram dei samansatte tekstane våre.

ovanfor er ein av dei første animasjonane er lagde i pivot.





Her er min pippifigur som me brukte
i den samansatte teksten vår!:)

2. Praksisperiode

Eg viste ikkje at me skulle skrive om 2. praksisperiode i bloggen, derfor kjem den litt seint. ;) Sia det er lenge sida praksisperioden, limer eg bare inn refleksjonsnotatet frå praksismappa:

Då var andre praksisperiode overstått og eg har ikkje tatt skrekken enda. Eg sit igjen med mange inntrykk og føler eg er komen et steg nærare å bli lærar. Praksisgruppa vår har støtt på mangen utfordringar og det har våre vanskelig til tider, men mest lærerikt. Eg føler eg har lært mykje meir om det å vera lærar, og korleis ein skal undervisa.

Når det gjeld før-rettleiing er eg ganske fornøgd. Før praksis hadde me møte på langeland skule med praksislærarane. Me fekk oppleve det å jobbe i team og det gjorde det lettare å planlegge undervisning. Både vår praksisgruppe og den andre gruppa på 5- trinnet jobba ilag, sjølv om vi kjørte litt ulik undervisning når det gjaldt enkelte fag.
Først møttest 5-klasse teamet der me fekk utdelt bøker og diskutert det me allereie hadde planlagt. Me fekk veta kva for fag som var aktuelle å undervise i, og kva tema me skulle ha om. Ei undervisningsøkt i Krl, norsk og matematikk var obligatorisk. Men me kunne elles boltre oss om me var interesserte.
Første veke konsentrerte me oss om å få unnagjort det obligatoriske, andre veke fekk me velje kva for timar me ville ha. Eg hadde blant anna ein time med teikning.

Etter kvar skuledag satt me oss ned ilag med praksislærar og diskuterte korleis dagen hadde våre. Der fekk me koma med innspel først og så kommenterte praksislærar. Det var god trening for oss der vi fekk øvd på det å vera kritisk ven.
Me fekk alle både positiv respons og negativ respons (konstruktiv kritikk). Det var viktig. Å få positiv respons gjor at me alle følte meistringsfølelse, og negativ respons gjor at me viste kva me kunne gjera annleis til neste gong.

Siste dagen i praksisperioden tok praksislærar ein individuell samtale med oss. Det var kjekt å høyre kva han hadde å seie om oss. Det var for det meste positiv tilbakemelding og han vil i neste periode gå meir inn på korleis vi skal forbetre oss. Eg gler meg til neste periode, då kan eg bli enda flinkare å undervise!




Revidert 27.04.08



Når det gjeld matematikk pedagogikk opplegget vart dette gjennomført som mi første undervisningsøkt. Om dette var så lurt kan ein vel diskutera, men eg lærte mykje av det. Me hadde valt å gjennomføra eit opplegg der me hadde to og to stasjonar som elevane rulerte på etter halve tida var gått. Me skulle innføre geometri der elevane skulle bli kjent med sentrale figurar, og eigenskapane deira. På min stasjon skulle elevane sitje to og to og jobbe ilag. Den eine skulle forklare ein teikning (Ein figur av geometriske former) medan den andre skulle prøve å få dette ned på papiret. Det som var viktig her var at dei ikkje fekk lov til å sjå på kvarandre, men bare bruke kommunikasjon som hjelpemiddel. Poenget med denne stasjonen var at dei skulle øve seg på å bruke geometriske utrykk som ville gje dei ein betre forståing for eigenskapane til figurane.



Når det gjeld undersøkelseslandskap ville eg i tillegg til dette gå rundt og prøve å stille "gode" spørsmål. Spørsmål der eg prøvde å få eleven til å tenka sjølv uten at eg la svaret i munnen på eleven. Dette følte eg fungerte veldig greit eigentleg, då eg hadde forberedt nokre spørsmål på forhand! :)



Eg gjorde ein del småfeil i denne økta, som å gløyme og dele ut ark og slike ting. Dette gjorde at det vart litt uro inn i mellom. Sett bort i fra det synes eg at det var kjekt å gjennomføre opplegget mitt! :)

søndag 13. januar 2008

Born & nye medier (07.01.08)

Dette var første økta me hadde etter nyttår! Økta handla om born og nye medier. Om nettvett, og reglar om å bruka noko som andre har laga. Det var veldig lærerikt og interessant å lære om dette.

Eg meinar at dette med nettvett burde tas meir opp i skulen. Eg har aldrig hatt noko om dette i skulen, og heime har me hatt pc sia eg gjekk i sjuande klasse. Eg chatta med all slags folk og synas det var spanande og kjekt. Ikkje tenkte eg på at dei eg snakka kunne vera nokon andre enn det dei utga seg for å vera. Eg og ei veninne gav til og med ut telefonnummeret vårt til ein gut på ca 17 år (trur me). Då gjekk me i 8 klasse. Det var kjempe spanande, og heldigvis for oss hadde ikkje guten vonde intensjonar. Me var nysgjerrige, og det er klart at ungane nå til dags er det også! Her har både foreldre og skulen ein jobb å gjera.

Det som Ane kom med om chatting var sjokkerande. Ho hadde chatta på sol.no der ho utga seg for å vera "Linn", og det kom mange ufine meldingar til ho. Eg viste at det var mange "ekle" menn på slike stadar, men at det var så gale viste eg ikkje.

Birgit snakka litt om fakta om chatting, og det at heile 60 prosent av barna ikkje ville sagt ifrå til foreldra dersom noko ubehagelig har skjedd, er rystande! Foreldrene burde bli flinkare til å følgje med på kva ungane deira held på med, og våga å snakka med dei om ”farene” med å bruka internett. Det er synd dersom ungane i dag må lære om nettvett gjennom eigne erfaringar.

Når det gjeld dette med fusk og fanteri, har eg heller aldrig lært noko om dette på skulen. Ikkje før eg kom på HSH. Åndsverklova er ei viktig lov som eg skal bli flinkare til å følgje. Eg håpar det skal gå greitt, sjølv om det kan bli litt tungvint og heile tida spørje om løyve til å bruke det andre har laga. Elles synes eg det er flott at me lærar om kva som er lov og ikkje når det gjeld å bruke noko som andre har laga, og meinar at alle skular burde bli meir opptatt av dette.

Animasjon & bilethandsaming (03.12.07)

Sist gang (26.11.07) var første dag etter 2 veker med praksis. Me gjekk tur i Landåsen og enda opp hos Birgit. Der snakka me om korleis praksisen hadde gått og koste oss ilag. Det var kjekt å høyre korleis dei andre hadde hatt det i praksis.

Denne måndagen hadde me om collage i photoshop og animasjon i datalabben. Det var ei kjekk økt, bortsett i frå at det gjekk litt for fort i svingane. Me skulle lage ein collage, der dei tre beste vil bli hengt på veggen.
Nedanfor er min plakat.
Så skulle me laga ein animasjon som me kan ha i bloggen. Eg har våre litt bort i photoshop før på formgiving, og skulle ønske me kunne hatt meir om det. Det er så mykje ein kan gjere i photoshop. Eg håpar me skal lære meir om slike program!


Revidert 23.04.08

Dette med digitale verktøy synes eg er relevant å kunne noko om når ein skal bli lærar. For eksempel nytta me photoshop då eg gjekk på formgiving. Ein kan gjera så mykje meir med eit bilete dersom ein nyttar eit slikt program. Eg trur ikkje det hadde lønna seg å prøvd å lære elevar på barneskulen å bruke photoshop, då dette hadde blitt alt for komplisert. Men frå læraren si side kan ein slå seg heilt laus meg slike program. La oss seia at ein klasse har vore på tur og så har læraren tatt mange bileter og laga ein kollage og hengt det opp i klasserommet. Det kan vera ein måte å nytte eit slikt program på!
Animasjon derimot trur eg absolutt ein kan læra vekk til elevane. Dette er noko dei garantert vil syntes er kjekt. Elevar no til dags skal ha kunnskap om ikt og då kan det vera kjekt å la dei få jobba med slike ting av og til.
At læraren kan litt om animasjon og bilethansaming trur eg bare vil vera med å "krydra" kvardagen. :)