lørdag 29. mars 2008

Ynskjeøkt (11.02.08)


Denne dagen hadde me om spesialpedagogikk, noko som eg synest er eit veldig interessant tema. Eg trur at dette feltet bør alle lærarar kunna meir om. Her kjem nemleg tilpassa opplæring inn, noko som alle skular skal driva med i dag. Alle born er forskjellige og har forskjellige behov, derfor kan ikkje skulen stilla dei same krava til alle.

Me fekk sjå ein film om ein nyutdanna lærar som hadde ein klasse med ”vanskelege” elevar. Eg synes han gjorde ein god jobb med tanke på at han var nyutdanna. Det eg vart mest positivt overraska over var at han ikkje hadde merkelappar på elevane, og at han brydde seg om alle. Han hadde også ein veldig vilje til å læra desse elevane noko. Dette er veldig viktige moment ein lærar bør ha ”inne”.

Då eg gjekk på barneskulen var det bare ein diagnose eg viste om og det var lese og skrivevanskar. Eg fekk nemleg litt sjokk første gong eg kom ut i praksis og såg at det var så mange med ulike diagnosar i klassane. Eg kan ikkje hugse at det var slik då eg var lita, men diagnosane fantes vel på den tida og vell? Kanskje grunnen var at det ikkje blei snakka så mykje om det? Nei, ikkje veit eg.

Det finst mangen diagnosar og mykje å ta stilling til for ein lærar. Dysleksi, dyskaluli, ADHD og andre typar for funksjonssvikt. Heldigvis er ikkje læraren åleine om å håntere slike elevar. Ein lærar skal ikkje kunna alt heller. Nokre elevar har for eksempel hjelpelærarar, det lettar jo litt på trykket for læraren. Men det er ikkje alle skular som har midlar til dette. Då eg var i praksis var det ein elev som hadde hjelpelærar, men ho var ikkje med denne eleven i alle timane. Dersom ein elev ikkje har ein diagnose men læraren oppdagar at det kan vera noko skal ikkje læraren håntere dette åleine. PPT er ei av tjenestene læraren kan ta kontakt med. Dette synes eg er betryggande å tenkje på.

Eg leste ein artikkel som Birgit la ut, om ei jente som fekk beskjed at ho hadde lese og skrivevanskar. Etter mange år viste det seg at ho hadde eit synsproblem. Det var ganske oppsiktsvekkjande synast eg.
Dersom ein lærar trur at ein elev kanskje har lese og skrivevanskar må ein gjera noko med det med ein gong. Det er jo kjempe viktig dersom denne eleven skal få hjelp så tidleg så mogleg.

Eg synes dette er eit veldig viktig tema, og håpar eg skal lære meir om dette. :)

1 kommentar:

Sissel Haugen sa...

Flott, hvis du legger ut denne snart. Gleder meg til å lese. Du skriver veldig bra og fengende :=

-Sissel