lørdag 29. mars 2008

3 praksisperiode

Då var tredje (og siste) praksisperiode i dette semesteret over. For nokre kjekke veker me har hatt! Eg har kost meg skikkelig! I tillegg til å ta over mesteparten av undervisninga har me blant anna fått vore med på trur til gruvene på Litlabø, og fått delteke på solidaritetsdagen. Det var to veldig kjekke dagar!

Det å planlegge langsiktig er viktig, og det fekk me vera med på i denne praksisperioden. Me planla i team der me vart einige om kor lang tid vi skulle bruke på kvart enkelt tema innanfor visse fag. Det som var litt utfordrande var å halde seg til denne planen, men det gjekk forsåvidt greit.

Mitt personlege mål for denne perioden var å prøve å gi klare beskjedar til heile klassen. I tillegg til dette har eg hatt i bakhovudet å prøve å bli ein enda meir tydeleg vaksen for elevane. Dette med å vera tydeleg vaksen er noko av det vanskelegaste eg har støtt på i praksis. Det er ikkje så lett å ha ein god tone med elevane og framleis setja grenser. Heldigvis føler eg at eg har blitt ein meir tydeleg vaksen for elevane den siste praksisperioden. Eg har prøvd å vera meir bestemt når eg snakkar, og ikkje minst har eg prøvd å vera meir konsekvent når det gjeld samsvar mellom ord og handling. Dette har hatt ein positiv effekt for meg som lærar.

Eg har lært at ein treng ikkje vera streng og sur for å vera ein tydeleg vaksen. Ein kan vera streng og bestemt men med eit blunk i auga på lur. Det å ha eit svingande humør trur eg hjelp lite. Derfor har eg prøvd å halda det same humøret heile tida.

Når det gjeld å formidle stoffet slik at elevane vart motiverte treng eg nok meir trening. Det viste seg blant anna at me på vår praksisgruppe brukte dei same arbeidsmetodane heile tida. Eg kunne merke på elevane att dette blei litt kjedelig og einsformig. Neste gong eg skal i praksis vil eg prøve å variere arbeidsmetodane meir. Elles føler eg at når det gjeld enkelte fag så er det vanskeleg å formidle stoffet på ein engasjerande måte, nettopp fordi eg ikkje er så veldig interessert i faget sjølv. Dette er noko eg må jobba meir med. Dersom eg ikkje viser at eg er interessert i faget, vil ikkje elevane synast at det er interessant heller.
I tillegg til dette har eg fokusert litt på å gi elevane ros når dei var flinke, både til heile klassen og til den einskilde eleven.

Me skulle prøve å fokusere på å bruke ikt i undervisninga i denne praksisperioden. Grunna tekniske problem var det ein periode me ikkje kunne nytta datamaskinane på langeland. Likevel fekk me nytta dei ein gong. Denne timen fekk elevane friska opp dugleikane sine i tekstbehandling, Det virka som det var ein nyttig time.
I tillegg til dette viste me fram dei samansette tekstane våras, noko som elevane tykte var kjekt.

Noko av det kjekkaste eg oppdaga i denne praksisperioden var at eg er mykje gladare i born enn eg trudde. Me vart så godt kjende med dei og var med dei kvar dag. Eg vart skikkelig glade i dei. Dei er så forskjellige og utrulige alle saman!

Då den siste dagen var komt var det ganske vemodig og seia hade til alle. Eg skal innrømme at eg fell ei tåre og to. Men då eg kom heim seinare den dagen fekk eg blomar og brev frå tre av elevane i praksisklassen min. Det var utrulig rørande og kjekt å veta at dei har satt pris på meg.

Alt i alt har dette vore den absolutt kjekkaste og mest lærerike praksisperioden me har hatt!

Revidert 26.04.08

Det faget eg følte at elevane var mest interessert i (som eg underviste i) var blant anna teikning. Eg trur nok det kan hengja saman med at eg er så glad i teikning sjølv, så det smitta nok litt over på elevane. Dessutan trur eg dei satt pris på at dei fekk prøve nye ting når det gjaldt teikning, sia eg hadde så mangen idear frå då eg gjekk på formgiving.
Praksislæraren min sa at han ikkje var noko særleg kreativ sjølv, så eg fekk slå meg heilt laus når det gjeld kva for opplegg eg ville ha!:D Dette er jo absolutt eit fag som eg brenn for, og eg trur at elevane kunne sjå og føle det :)

Så var det dette med arbeidsmetodar. I praksis gjekk det veldig mykje i tavleundervisning og oppgåveløysing på vår gruppe. Eg sakna meir variert undervisning. Eg var ikkje særlig flink til å tenke "nytt" då eg var der. Så neste gong vil eg prøva å vera litt meir kreativ når eg skal planlegga eit undervisningsopplegg :)


<-- Her er eit bilete frå den dagen me for på tur med praksisklassen til gruvene i Litlabø. Det var veldig kjekt å sjå elevane i ei anna "setting" enn i klasserommet! :) Eg hadde aldrig vore der før så det var veldig interessant å høyre om gruvene.

Ynskjeøkt (11.02.08)


Denne dagen hadde me om spesialpedagogikk, noko som eg synest er eit veldig interessant tema. Eg trur at dette feltet bør alle lærarar kunna meir om. Her kjem nemleg tilpassa opplæring inn, noko som alle skular skal driva med i dag. Alle born er forskjellige og har forskjellige behov, derfor kan ikkje skulen stilla dei same krava til alle.

Me fekk sjå ein film om ein nyutdanna lærar som hadde ein klasse med ”vanskelege” elevar. Eg synes han gjorde ein god jobb med tanke på at han var nyutdanna. Det eg vart mest positivt overraska over var at han ikkje hadde merkelappar på elevane, og at han brydde seg om alle. Han hadde også ein veldig vilje til å læra desse elevane noko. Dette er veldig viktige moment ein lærar bør ha ”inne”.

Då eg gjekk på barneskulen var det bare ein diagnose eg viste om og det var lese og skrivevanskar. Eg fekk nemleg litt sjokk første gong eg kom ut i praksis og såg at det var så mange med ulike diagnosar i klassane. Eg kan ikkje hugse at det var slik då eg var lita, men diagnosane fantes vel på den tida og vell? Kanskje grunnen var at det ikkje blei snakka så mykje om det? Nei, ikkje veit eg.

Det finst mangen diagnosar og mykje å ta stilling til for ein lærar. Dysleksi, dyskaluli, ADHD og andre typar for funksjonssvikt. Heldigvis er ikkje læraren åleine om å håntere slike elevar. Ein lærar skal ikkje kunna alt heller. Nokre elevar har for eksempel hjelpelærarar, det lettar jo litt på trykket for læraren. Men det er ikkje alle skular som har midlar til dette. Då eg var i praksis var det ein elev som hadde hjelpelærar, men ho var ikkje med denne eleven i alle timane. Dersom ein elev ikkje har ein diagnose men læraren oppdagar at det kan vera noko skal ikkje læraren håntere dette åleine. PPT er ei av tjenestene læraren kan ta kontakt med. Dette synes eg er betryggande å tenkje på.

Eg leste ein artikkel som Birgit la ut, om ei jente som fekk beskjed at ho hadde lese og skrivevanskar. Etter mange år viste det seg at ho hadde eit synsproblem. Det var ganske oppsiktsvekkjande synast eg.
Dersom ein lærar trur at ein elev kanskje har lese og skrivevanskar må ein gjera noko med det med ein gong. Det er jo kjempe viktig dersom denne eleven skal få hjelp så tidleg så mogleg.

Eg synes dette er eit veldig viktig tema, og håpar eg skal lære meir om dette. :)

Sjølvbilete og attribusjonsteori (04.02.08)

Denne dagen handla økta om sjølvbilete og attribusjonsteori. Her fekk me først sjå ein powerpoint og så jobba me i grupper (kontrovers) Først skulle me diskutere to og to, for så å setje oss saman i ei gruppe på fire og argumentere. Emne me skulle diskutere var: ”Den norske skulen har eit kjønnsproblem”.

Sjølvbilete handlar om identitet og korleis me oppfattar oss sjølv. Me kan dele ”sjølvet” inn i ”meg” og ”eg”. ”meg” er bevisst og fungerar som obsarvatør, medan ”eg” er ubevisst. Når me registrerer det ubevisste er det eit minne. Heile 90% av det ein gjer er ubevisst. Det er ikkje mogleg å vere obs på alt ein gjer, det er eg veldig glad for. Då hadde eg blitt gal trur eg :-)

Noko som fengja meg med denne økta var dette med at gutar og jenter tolkar suksess så forskjellig. Gutar tolkar suksess med at dei er flinke (indre årsaker) medan jenter tolkar det som at det er flaks (ytre årsaker). Når det gjeld nederlag tolkar gutar det som uflaks (ytre årsaker) medan jenter tolkar der som manglande evner (indre årsaker). Det kan forklarast med tradisjonelle kjønnsroller. Dersom der ikkje er forventa at jenter ikkje skal vera flinke i realfag, vil dei ikkje forvente at dei skal vera flinke heller. Men heldigvis finnes det unntak. Men eg kan kjenne meg igjen i dette, spesielt då er var yngre.

Eg veit ikkje om den norske skulen har eit kjønnsproblem, men det er i allefald ein skilnad mellom kjønna. Og det er vel og bra det men jenter burde ha like god sjølvtillit som gutar, meinar eg.
Kanskje kan skulen gjera noko for å auka sjølvtilliten hos jenter? Skulen burde kanskje legga meir vekt på å snu denne ”trenden” .

Eg trur forventningane til elevane frå læraren spelar ei rolle. Det er viktig å gi ros og støtte til alle elevane og gi dei forventningar slik at dei har tru på evnene sine.

Elles synes eg dette er eit spanande emne, sjølv om stoffet kanskje kan vera litt tungt. Eg må nok repitera det fleire gonger :-)